Redusert foreldrebetaling-SFO

Har du låg inntekt kan du få lågare pris.

Ordninga om redusert foreldrebetaling sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.

SFO-plass for elevar med særskilde behov i 5.-7. klasse er gratis.

Her kan du søke om lågare foreldrebetaling for SFO

Vi behandlar søknader om lågare pris gjennom heile året, men ordinær søknadsfrist er 1. juni. 

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt skuleår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart skuleår. 
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.

Du har rett til å klage om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Sunnfjord kommune gjennom eDialog.

Klageutvalet er klageinstans.