Pris og betaling for barnehageplass

Prisar for barnehageplass i Sunnfjord kommune

Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader. August er betalingsfri månad. 

Prisar for barnehageplass

Sunnfjord kommune innførte frå 1. januar 2023 gebyr på for seint henta barn.

  • Gebyret er på kr 340 pr gang for 2024.

Søskenmoderasjon 30 % for barn nummer to og 50 % for tredje barn og fleire. 

Frå 1. august 2023 vil ein barnehageplass for barn nummer 3 vere gratis. Dette gjeld også for familiar med fleire enn 3 barn.

Har du låg inntekt kan du søke om redusert betaling

Det er 2 moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt, men du brukar same søknadsskjema.

  1. Redusert foreldrebetaling
    Hushaldningar som har ei samla person- og kapitalinntekt som er lågare enn 550 000 kroner per år kan søke om redusert foreldrebetaling.
     
  2. Gratis kjernetid:
    Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2023 er denne inntektsgrensa sett til 615 590 kroner.

Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Frist for å søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid er innan 1. august viss det skal gjelde frå nytt barnehageår.  Dette er nytt av i år.

Her kan du søke om redusert foreldrebetaling 

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart barnehageår. 
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden. 

Ring 57 72 20 00 om du har spørsmål.

Du kan klage om du ikkje får redusert pris

Du har rett til å klage. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde. Klageutvalet er klageinstans. 

Forskrift og vedtekter