Årsavslutning

På denne sida finn du årsmelding, årsrekneskap og årsrapport for alle avslutta rekneskapsår i Sunnfjord kommune.

Årsmelding og årsrekneskap 2024

Kort om årsmelding og årsrekneskap for 2024

  • Driftsrekneskapen for 2024 viser samla driftsinntekter på 2 476 mill. kroner.
  • Netto driftsresultat er minus 135 mill. kroner eller -5,5 % av driftsinntektene. Dette medfører at frie fondsmidlar vert oppbrukte.
  • Investeringsrekneskap 2024 viser samla utgifter på 406 mill. kroner. Det er ein nedgang  på 47 mill. kroner frå rekneskap 2023. Det er eit etterslep på gjennomføring av investeringar då samla budsjetterte utgifter er 590 mill. kroner.
  • Alle investeringsutgifter i 2024 er finansiert.