Fase 1: LESESTUND – Leit etter lydar
Vi introduserer eventyret og gjer oss klare til å lese saman. Borna lyttar gjennom heile høgtlesinga, Etter lesinga ser vi på bileta og snakkar om orda i eventyret. Når vi leitar etter lydar kan vi gå vegen om barna sitt engasjement og observasjonar
• La barna velje:
Morosame ord (gylte grisesylte)
Rare ord (gåse våse)
Ord dei vil fortelje noko om (Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg)
• Lytt etter lydar
Ord med den same lyden til slutt (Mann brann, Ande vande, hane pane)
Ord med den same lyden i starten (vakre, vene, snille, søte)
Ord med den same lyden både i starten og slutten (kone krone)
Fase 2: LESESTUND MED REKKE OG RYTME
Vi les eventyret på nytt, og let borna fylle inn rimorda undervegs.
Læraren: God dag, mann ….
Elevane: …. Brann
Etter lesinga får borna lage lydrekker, antan samla gruppa eller saman i par, der dei får velje kvar sin karakter frå eventyret.
Lydrekke: Mann – brann – sann – tann – kan – han – bann – dann – vann – osb..
Lydrekkene kan vi klappe eller trampe saman, eitt klapp eller tramp på kvar staving. Seinare kan vi bruke rytmeinstrument og lage våre eine regler, med rimord på namna våre eller andre ord vi likar.
Her kjem eit rim frå Frode Laks:
Frode
Klode
Kommode
Hei, eg heiter Frode
Jorda er min klode
Elva min kommode
Fase 3: LESESTUND MED KONKRETAR
Vi deler ut roller og les eventyret på nytt, med konkretar. Konkretane kan lagast på mange måtar, til dømes ved å fargelegge og klippe ut dei ulike karakterane i forteljinga og lime dei på ispinnar eller tilsvarande for å halde i. Pannekaka kan vi lage med ein papptallerken. Vi kan også lage «dorulldyr». Læraren les forteljarstemma og borna les replikkane til karakterane dei har valt seg. Borna kan anten byte på å vere pannekaka eller vere pannekaka i kor.
Å lese med konkretar kan vidareutviklast på fleire måtar, til dømes ved å lage dokketeater. Kulissane kan teiknast som ei tidslinje på lang papir-rull, slik som her i Stjernegruppa i Trollfjell barnehage i Bodø:

SPRÅKLEIK 1: PANNEKAKA MED RIMLOTTO
Vi lagar kort med rimorda frå eventyret. Alle korta har pannekaka på framsida. På baksida har korta med utgangsordet både bilete og bokstavar, til dømes kortet for ordet «Hane». Vi ser ein hane og les ordet «HANE»:
Kortet med rimordet har berre bokstavar: «PANE» Her får borna gjere seg kjende med skriftbileta. Vi ser at ordet «HANE» og «PANE» er nesten heilt likt, og kan satse på at vi har eit par og eit poeng. Dersom vi blir usikre kan vi spørje kvarandre eller ein vaksen.
SPRÅKLEIK 2: PANNEKAKA SOM VITSE-IMPROVISASJON
Vi lagar regler med rimorda som satsplankar for å dikte våre eigne regle-vitsar
Det var ein gong ein hane som såg ut som ein pane.
Det var ein gong ein mann som tente på ein brann
Det var ein gong ei kone som mangla ei krone
Vi leikar vidare:
Det var ein gong ein klasse der alle ville vasse
Ingen ville svømme, det var berre å glømme
Læraren måtte grine kvar gong det var time
Repetert lesing av eventyret om pannekaka peikar mot fleire av kompetansemåla i norsk etter andre trinn:
• uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
• leike med rim og rytme og lytte ut språklydar og stavingar i ord
• trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving
• utforske og samtale om oppbygginga av og tydinga av ord og uttrykk
• utforske eige talespråk og samtale om det som er likt og ulikt mellom talespråk og skriftspråk