SkulekrinsarHer finn du informasjon om dei ulike skulekrinsane i Sunnfjord kommune, og informasjon om dispensasjon frå krinsgrensene. Informasjonen som denne sida inneheld er henta frå forskrift om skulekrinsgrenser, som du finn her:Forskrift om skulekrinsgrenser i Sunnfjord kommune (PDF, 632 kB)Krinsgrenser fordelt på skular: Skei skule Grunnkrinsane som høyrer til Skei skulekrins: Myklebost Årdal Helgheim Fugle Skei Kjøsnesfjorden Førde Klakegg Veiteberg Åmot Vassenden skule Grunnkrinsane som høyrer til Vassenden skulekrins: Eikås Langhaugane Hjellbrekke Vassenden nord Vassenden sør Sanddal Svidal Ålhus Holsen skule Grunnkrinsen som høyrer til Holsen skulekrins:HolsenHaukedalen Bygstad skule Grunnkrinsane som høyrer til Bygstad skulekrins: Skilbrei/Hjelmeland Espeland Bringeland Perhaugen Hjelmeland Lien Kvamme Bygstadhaugane Sveen Eidevik Kårstad Hestad (Dalsfjorden) Laukeland Osen Korsvelle Båtevik Helle Birkeland Bjørvika Viksdalen skule Grunnkrinsane som høyrer til Viksdalen skulekrins: Øvrebotten Eldal/Mjell Viken Rørstad Rørstadbotten Hestebeite Hestad Sande skule Grunnkrinsane som høyrer til Sande skulekrins for 1.-7. steg: Øvrestrand Hestad Skudal Senneseth Foss Grøvlebakke Skagen Steien Sande Årbergsdalen Øksland Døskeland Alværen Sygna Myrmel Lunde Grunnkrinsane som høyrer til Sande skulekrins for 8.-10. steg: Øvrestrand Hestad Skudal Senneseth Steien Sande Årbergsdalen Øksland Døskeland Alværen Sygna Myrmel Lunde Skillbrei/Hjelmeland Espeland Bringeland Perhaugen Hjelmeland Lien Kvamme Bygstadhaugane Sveen Eidevik Kårstad Hestad (Dalsfjorden) Laukeland Osen Korsvelle Båtevik Helle Birkeland Bjørvika Halbrend skule Halbrend skule (6-7) omfattar grunnkrinsane for noverande Flatene/Halbrend skulekrins (6-7) med tillegg av grunnkrinsane for noverande Karstad skulekrins (6-7) frå 01.08.2021: Ervik Kråkenes Ulltang Øvre Steinen Halbrend/Steinen Halbrendsholten Ytre Hafstad Slåttebakkane Reset Førde sentrum, mot aust til Førde hotell Halbrend skule (8-10) omfattar nye Flatene/Halbrend skulekrins (8-10) medrekna elevar på ungdomssteget frå Karstad, Frøysland, Holsen og Sunde etter ny grense mot Førde barneskule ved bommen i Brulandsberget (E39) frå 01.08.2021. Flatene skule Flatene skule omfattar grunnkrinsane i noverande Flatene/Halbrend skulekrins (1-5) med tillegg av grunnkrinsane for noverande Karstad skulekrins (1-5) frå 01.08.2021: Ervik Kråkenes Ulltang Øvre Steinen Halbrend/Steinen Halbrendsholten Ytre Hafstad Slåttebakkane Reset Førde sentrum, mot aust til Førde hotell Førde barneskule Førde barneskule omfattar grunnkrinsane for noverande Førde barneskule med endring for grensa mot Sunde skule (E39) frå 01.08.2021 etter politisk vedtak i sak KST-002/21: Førde sentrum/sentrum sør-vest, mot vest til og med Førde Hotell Hafstad Bruland, mot sør-aust til bom på E39 i Brulandsberget – endra Toene/Presteholten Haugum/Hundvebakke Bergum/Hornnes Erdal Grensa mot Slåtten skule i aust går ved (til og med) Angedalsvegen 31. Slåtten skule Grunnkrinsane som høyrer til Slåtten skulekrins: Angedal Furebø Vie Hjelle/Vie/Tefre Grovene/Flata Grensa mot Førde barneskule i vest går ved (til og med) Angedalsvegen 14 og 33. Sunde skule Sunde skule omfattar grunnkrinsane for noverande Sunde skulekrins med endring av grensa mot Førde barneskule (E39) frå 01.08.2021 etter politisk vedtak i sak KST-002/21: Mo/Åsen Sunde/Kussli Sundsdalen Bruland, mot vest til bom på E39 i Brulandsberget - endra Naustdal skule Grunnkrinsane som høyrer til Naustdal skulekrins for 1. til 10. steg:KvellestadVevringRedalHelleFrammarsvikNaustdal vestNaustdal austÅseHorstad vestHorstad austUllaland nordUllaland sørFimland Førde ungdomsskule Førde ungdomsskule omfattar elevar på ungdomssteget frå Slåtten krins/skule og Førde barneskule etter ny grense ved bommen i Brulandsberget (E39) frå 01.08.2021. Vedtak om skuleplass ved anna skule enn nærskulen: Adresseendring til anna krins Om eleven ønskjer å halde fram ved skulen ved flytting til anna krins, må føresette søkje til kommunedirektøren. Følgjande retningsliner gjeld for å innvilge slike søknadar: Eleven ønskjer å fullføre skuleåret. Eleven ønskjer å fullføre hovudsteget og har berre eitt år igjen av skuletida. Døme: Ein elev går på 9. trinn og flyttar ut av krinsen i løpet av 9. trinn. Føresette søkjer om at eleven skal få fullføre 10. trinn. Det same gjeld for barnesteget om eleven ønskjer å fullføre 7. trinn. Slike søknader blir innvilga. Føresette må organisere og finansiere eventuell skuleskyss. Særlege tilhøve Særlege tilhøve kan vere sosiale tilhøve, sårbare born, eller barn med særskilte behov. Om føresette ønskjer at barnet skal halde fram ved skulen utover reglane ved adresseendring, må føresette søke kommunedirektøren. Vedlagt søknaden må det føreligge dokumentasjon frå lege, BUP, PPT eller andre sakkunnige. Ved behov kan kommunedirektøren be om ei utgreiing frå PPT om ei slik utgreiing ikkje føreligg i saka. I slike saker skal søknaden gå gjennom rektor, og rektor skal uttale seg om saka og kome med ei tilråding. Føresette må organisere og finansiere eventuell skuleskyss. Søknad om skulebyte, eller vedtak om skulebyte i skulemiljøsaker kap.9 i Opplæringslova Det er rektor ved eleven sin skule som har ansvar for å løyse skulemiljøsaker Om rektor etter reglane i opplæringslova kapittel 9, vurderer at eit skulebytte er eit rett tiltak i ei skulemiljøsak, fattar kommunedirektøren vedtak om byte av skule. Slike saker skal handsamast etter reglane i opplæringslova kap. 9. I slike saker skal ikkje føresette dekke kostnader til skyss. Her kan du søke om dispensasjonDu kan òg sende søknad om dispensasjon elektronisk via eDialog, eller via brevpost til postboks 338, 6802 Førde. Publisert av Andreas Fonn Macsik Sist endra 30.08.2024 08.46