I opplæringslova § 2-2 fjerde ledd står det:
«Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.»
Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa
Viktige moment i forskrifta:
- Eleven har høve til å vere borte frå grunnskuleopplæringa i ein midlertidig periode.
- Permisjon frå grunnskuleopplæringa gir ikkje eleven rett til å ta att den tapte opplæringa, dette gjeld også elevar som har vedtak om individuell tilrettelegging.
- Elevar som tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkje har rett til permisjon på heilagdagar.
- Elevar kan få innvilga inntil 10 dagar permisjon per skuleår
- Det blir normalt ikkje innvilga permisjon i periodar der det blir gjennomført faste prøver, sentrale vurderingssituasjonar og leirskule/skuletur.
- Det skal vere ei forsvarleg vurdering om eleven skal få innvilga eller avslag på søknad om permisjon.
- Det er ikkje nødvendig å søke om permisjon til helserelatert fråvær og deltaking i elevdemokrati m.m.
Behandling av søknad om permisjon
Skulen har plikt til å gjere ei forsvarleg vurdering om eleven kan få innvilga permisjon.
Dette skal skulen vurdere i den forvarlege vurderinga:
- Kva som er til det beste for eleven
- Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
- Kva opplæring barnet får i permisjonstida
- Om eleven har hatt permisjon før, eller hatt tidlegare ugyldig fråvær
- Eleven sitt faglege nivå
Elevar som søker om lik permisjon på likt grunnlag får ikkje nødvendigvis same utfall på behandlnga av permsjonssøknaden. Bakgrunnen for dette er at det skal vere ei invividuell forsvarleg vurdering av elevane som kan føre til at ein elev får innvilga, mens ein annan ikkje får det.
Fråvær ved sjukdom, gravferd, legetimar og liknande blir ført i foreldre-appen "Min Skole".
Slik kan du søke
Du kan søke om permisjon:
- via elektornisk søknadsskjema
- ved å sende brev til skulen din
Hugs å ta med alle relevante opplysningar i søknaden slik at vi har eit godt grunnlag til å behandle søknaden. Du kan laste opp vedlegg i det elektroniske skjemaet.
Vi tilrår at du opnar skjema i andre nettlesarar enn Edge, grunna teknisk feil.
Søknadsskjema for permisjon
Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til korleis du skal søke, tek du kontakt med skulen.
Spørsmål og svar om permisjon
Slik kan du søke om permisjon:
Hugs å ta med alle relevante opplysningar som kan opplyse saka. Du kan laste opp vedlegg i skjemaet.
Dersom du vel å ta eleven ut av skulen når du har fått avslag på permisjonssøknaden vil eleven få ugyldig fråvær i perioden.
Følge av ugyldig fråvær:
- Eleven mister retten til grunnskuleopplæring tilsvarande fråværet.
- Fråværet blir ført på vitnemålet dersom eleven går på ungdomssteget.
- Elevar som har rett til individuell tilrettelegging mister retten til å ta att timar i fråværsperioden.
- Skulen lagar ikkje eigne planar for opplæring i perioden eleven har ugyldig fråvær.
Vedtak om permisjon er eit enkeltvedtak som blir behandla etter forvaltningslovens reglar for enkeltvedtak (kapittel IV-VI).
Du har rett til å klage på eit enkeltvedtak innan tre veker etter at du har fått vedtaket. Det står opplysningar om rett til klage i enkeltvedtaket.
Saksbehandling om du klagar:
- Administrasjonen vurderer saka på nytt.
- Dersom administrasjonen ikkje tar klagen til følge blir den lagt fram for utval for oppvekst og kultur.
- Dersom utval for oppvekst og kultur ikkje tar klagen til følge blir den sendt til Statsforvaltaren i Vestland.
- Statsforvaltaren i Vestland gjer eit endeleg vedtak i saka. Vedtaket frå Statsforvaltaren kan ikkje påklagast.
Elevar som søker om lik permisjon på likt grunnlag får ikkje nødvendigvis same utfall på behandlinga av permisjonssøknaden.
Skulen skal gjere ei individuell vurdering for alle elevar som søker permisjon, jf. § 7. Forsvarleg vurdering i forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen skal vurdere desse punkta:
- Kva som er til det beste for eleven
- Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
- Kva opplæring barnet får i permisjonstida
- Om eleven har hatt permisjon før, eller hatt tidlegare ugyldig fråvær
- Eleven sitt faglege nivå
Basert på desse kriteria kan utfalla av permisjonssøknaden bli ulike, det kan vere forsvarleg at ein elev får permisjon og at det for ein anna elev ikkje er forsvarleg.
Skulen kan normalt gi permisjon i inntil 10 dagar per skuleår dersom det er forsvarleg å gi permisjon, jf. § 5. Øvre grense for permisjon per skuleår, forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen har plikt til å gjere ei forsvarleg vurdering, jf. § 7 i forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen skal vurdere desse punkta:
- Kva som er til det beste for eleven
- Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
- Kva opplæring barnet får i permisjonstida
- Om eleven har hatt permisjon før, eller hatt tidlegare ugyldig fråvær
- Eleven sitt faglege nivå
Det er vurderinga etter desse kriteria som avgjer om barnet får permisjon til å delta på NM.
Skulen kan normalt gi permisjon i inntil 10 dagar per skuleår dersom det er forsvarleg å gi permisjon, jf. § 5. Øvre grense for permisjon per skuleår, forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen har plikt til å gjere ei forsvarleg vurdering, jf. § 7 i forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen skal vurdere desse punkta:
- Kva som er til det beste for eleven
- Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
- Kva opplæring barnet får i permisjonstida
- Om eleven har hatt permisjon før, eller hatt tidlegare ugyldig fråvær
- Eleven sitt faglege nivå
Det er vurderinga etter desse kriteria som avgjer om barnet får permisjon til å delta på treningssamling.
I forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring § 8. Saksbehandlingsreglar andre ledd står det mellom anna at søknad om permisjon skal sendast til skulen 14 dagar før ønska permisjon.
I særlege tilfelle, som til dømes gravferd, kan søknadar som kjem inn etter fristen på 14 dagar bli behandla. Det vil vere i dei tilfella då ein ikkje veit det tidsnok til å halde fristen på 14 dagar.
Skulen kan normalt gi permisjon i inntil 10 dagar per skuleår dersom det er forsvarleg å gi permisjon, jf. § 5. Øvre grense for permisjon per skuleår, forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen har plikt til å gjere ei forsvarleg vurdering, jf. § 7 i forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring, Sunnfjord kommune, Vestland.
Skulen skal vurdere desse punkta:
- Kva som er til det beste for eleven
- Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
- Kva opplæring barnet får i permisjonstida
- Om eleven har hatt permisjon før, eller hatt tidlegare ugyldig fråvær
- Eleven sitt faglege nivå
Det er vurderinga etter desse kriteria som avgjer om barnet får permisjon til å reise på ferie.

01. August 2024 vart ny opplæringslov gjeldande. I nytt lovverk vart kommunane plikta til å utarbeide ei lokal forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa. Dette sikrar likebehandling i skulane.
Regelverket seier at skulen kan innvilge permisjon frå den pliktige opplæringa om eleven samla sett får ei forsvarleg opplæring. Ved vurderinga av om permisjonen er forsvarleg må det gjerast ei individuell vurdering av fråværets betydning for den enkelte elev.
I følge forarbeida skal det leggast vekt på elevens læringsutbytte, kva som skal skje på skulen i permisjonstida, til dømes om det er nasjonale prøvar eller andre prøvar, og om foreldra vil sørge for tilfredstillande opplæring i permisjonstida. I tillegg må skulen vurdere kva som er det beste for eleven, og kva som elevens eiga mening.
I forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring § 8. Saksbehandlingsreglar andre ledd står det mellom anna at søknad om permisjon skal sendast til skulen 14 dagar før ønska permisjon.
Søknadar som kjem inn etter fristen blir normalt ikkje behandla. Bakgrunnen for at søknaden ikkje blir behandla er at skulen treng tilstrekkeleg med tid til å vurdere søknaden, for å sikre ei forsvarleg saksbehandling etter forvaltningslova. Svar på søknaden om permisjon er eit enkeltvedtak og blir behandla etter forvaltningslova siner relgar om enkeltvedtak (kapittel IV-VI).