Ansvar

Ansvar for gjennomføring av munnleg/munnleg praktisk eksamen er lagt på skuleeigar. For grunnskulen er dette kommunen, jfr. Forskrift til opplæringslova, §3.23.

Denne instruksen er forpliktande for skuleeigar, for den enkelte skule i Sunnfjord kommune og for faglærarar og sensorar som medverkar til å gjennomføre munnleg/munnleg praktisk eksamen i kommunen.

Rektor har ansvar for gjennomføringa av munnleg/munnleg praktisk eksamen ved sin skule. Spørsmål som ikkje er omtala i denne instruksen, eller som er knytt til skulens eigne rutinar, avklarast av rektor.

Ansvaret for arbeidsoppgåver knytt til gjennomføringa er fordelt på denne måten:

Skuleregionen har ansvaret for:

  • Fordele sensorar til skulane etter innsend liste frå kvar kommune.
  • Ha oversyn og eventuelt fordele sensorar i samband med sjukdom og fråfall.
  • Skipe til kurs for sensorar kvart år.

Skulefagleg ansvarleg har ansvaret for:

  • Trekk av eksamensfag.
  • Nemne opp eksterne sensorar etter liste tilsendt frå regionansvarleg.
  • Gje melding til regionleiar om tildelte sensorar som ikkje er nytta.

Rektor har ansvaret for:

  • Gjennomføring av eksamen på sin skule.
  • Rekruttere faglærarar til å vere eksterne sensorar på andre skular i regionen.
  • Sette frist for innlevering av fagrapport.
  • Halde seg oppdatert om reglar og rutinar, mellom anna på Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltaren sine nettstader.
  • Avklare spørsmål som ikkje er omtala i, eller avvik frå denne instruksen, med skulefagleg ansvarleg i kommuneadministrasjonen.
  • Ti arbeidsdagar før eksamen tar rektor kontakt med skulen som avgir sensor(ar).

Faglærar (intern sensor) har ansvaret for:

  • Førebu elevane på eksamensforma.
  • Utarbeide fagrapport etter felles mal.
  • Utforme tema/problemstillingar.
  • Ta kontakt med ekstern sensor for å drøfte tema, fagrapport, kriteria for vurdering og praktisk gjennomføring, i god tid før eksamensdagen.
  • Rettleie elevane i førebuingsdelen.
  • Delta som eksaminator og sensor under eksamen.

Ekstern sensor har ansvaret for:

  • Gå gjennom tema/oppgåver og vurdere om dei gjev elevane høve til å syne kompetansen sin i ein stor nok del av faget, ut frå kompetansemåla i læreplanen og i fagrapporten.
  • Drøfte og verte einig med faglærar (intern sensor) kva kriterie som skal nyttast for  vurdering av elevsvara.
  • Kunne delta med spørsmål for å trygge vurderingsgrunnlaget.
  • Ha avgjerande mynde over karakteren, dersom det er usemje.
  • Er pliktig til å ta vare på notata sine til klagefristen er omme.