Språkleg bevisstheit
Språkleg bevisstheit dannar grunnlaget for evna til å lære seg å lese og skrive. I arbeidet med språkleg bevisstheit finn ein rytmen i ord, stavingar og rimord. Vidare arbeider ein med fonemidentifisering, fonemanalyse, fonemsyntese, fonemsubtraksjon og fonemaddisjon. Jørgen Frost si bok Språkleker, har mange nyttige tips til aktivitetar som kan brukast for å stimulere barnas språk.
Arbeid med omgrep
Dersom born har eit godt ordforråd og god omgrepsforståing er det lettare å tileigne seg ny kunnskap. Ein ser ein klar samanheng mellom tal lærte omgrep i tidleg alder og leseferdigheiter i ungdomsskulealder. For å bli ein god lesar er det ikkje nok å knekke lesekoden, ein må òg forstå det ein les. Å arbeide med omgrep i begynnaropplæringa er viktig med tanke på å gje elevane ei grunnleggande forståing av ord og omgrep som er naudsynt for å kunne lære å kommunisere effektivt. Systematisk arbeid med ordforråd bidreg til å auke elevane sitt ordforråd og forståing av språket. Det er viktig å gje elevane moglegheiter til å møte ord og omgrep gjennom praktiske aktivitetar, leik og rollespel.
Å jobbe med omgrep kan bidra til å utvikle elevane sitt skriftspråk og forståing av skulefagleg arbeid. Nyborg sin modell for omgrepsinnlæring er basert på forsking om korleis born lærer, og hensikta med å bruke den er å lære born å lære. Ein er oppteken av læring som gjev overføring - noko som i dag er aktualisert som omgrepet djupnelæring.
Begrepslæring - begrepsundervisning - Pedverket
Språkleikar
Pedagogisk forsking har dei seinare åra retta merksemd mot forholdet mellom språkleg bevisstheit og seinare lese- og skriveutvikling. Forsking viser at dei borna som er fonembevisste, det vil sei kan fokusere på enkeltlydar i det talte språket, får ei meir ukomplisert lese- og skriveutvikling enn born som har låg fonembevisstheit (Frost, 2002).
Språkleikar vert anbefalt som reiskap i begynnaropplæringa med mål om å førebygge, spesielt med omsyn til den fyrste leseutviklinga. Ved bruk av leik som metode og pedagogisk verkemiddel, blir borna sin nysgjerrigheit for språket stimulert, og dei får utvikle den fonologiske bevisstheita.
Funksjonell tilnærming
Ei funksjonell tilnærming til språk, lesing og skriving inneber å bruke naturlege læringssituasjonar og kontekstar. Dette krev varierte metodar og oppgåver som kan motivere og engasjere elevane, samtidig som dei blir tilpassa kvar enkelt elev sitt nivå. Gjennom utviklingsarbeid og erfaringsdeling kan skulane utvikle ei felles forståing for god praksis i begynneropplæringa. Desse metodane og tilnærmingane viser at språkutvikling i begynneropplæringa er ein dynamisk og tilpassa prosess som krev innsats frå både lærarar og elevar for å skape eit effektivt læringsmiljø.