I LK20 vektlegg ein at elevane skal bli gode til å løyse problem og til å sjå samanhengar mellom dei ulike faga. I undervisninga må ein difor legge til rette for ein praktisk og aktiv matematikk der elevane får utforske matematikken på ulike måtar og har moglegheit til å medverke undervisninga. Samtidig må dei få tid til å automatisere faktakunnskapar og effektivisere reknemetodar.
Vidare viser forsking at lærarar som vektlegg ulike representasjonsformer og tar i bruk varierte ord, symbol og diagram, får størst utvikling blant elevane sine. (Tall og tanke, Solem, Alseth og Nordberg).
I matematikk er arbeid med omgrep og symbol viktig. Ein bør arbeide systematisk med Nyborg sine grunnleggande omgrep, då desse ligg til grunn for å lære andre omgrep og hjelper elevane med å samanlikne og organisere erfaringane dei gjer (Gruleggende begrep, Nyborg og Karlstad). Du finn meir informasjon om dette arbeidet her:
https://undervisningsmetoder.com/systematisk-begrepsopplaering/analysebegreper/
Det er viktig å følge med på elevanes sin forståing for omgrepa og symbolbruken i matematikken. Her får du tips om korleis du kan gjere det:
https://sprakloyper.uis.no/fagfilm-hvordan-samtale-med-elever-avdekke-forstaelse-ord-og-symboler
Lenkjer med gode tips til undervisninga:
https://www.mattelist.no/
https://www.matematikksenteret.no/
Kvart år kjem matematikk.org ut med ein ny julekalendrar som kan vere engasjerande i opplæringa:
https://www.matematikk.org/temaside.html?tid=63728