Skjenketid under fotball-VM

Kommunestyret behandla søknad om utvida skjenketid under fotball-VM for herrer i møte 18. juni. 

Bakgrunn for saka 

Stortinget har gjort vedtak om mellombels endring av alkohollova (unntak frå maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrer 2026). Endringa gjer at kommunestyret for perioden 11. juni til 19. juli 2026 kan fastsette skjenketider for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 som avvik frå alkohollova § 4-4-. Dette kan fastsettast generelt for kommunen eller for den einskilde skjenkestad. Avvikande skjenketider kan berre fastsettast for skjenkestader som viser direktesendte kampar i fotball-VM herrar 2026 for gjestar.

Sunnfjord kommune har motteke søknad frå Elevesus AS om utvida skjenketid ute til kl 03.00 inkludert utvida skjenkeareal og utvida skjenketid inne til kl. 06.00.

Kommunedirektøren tilrådde å godkjenne søknaden og at skjenking skal avsluttast når kampen er ferdig, men ikkje lenger enn til kl. 06.00 for skjenking inne og kl. 03.00 for skjenking ute. 

Behandling i kommunestyret 18. juni

Utvalet for helse og omsorg behandla saka i møte 10. juni og vedtok ei avgrensa skjenketida til kl. 03.00 inne og ute. Dette vedtaket var innstillinga til kommunestyret. 

I kommunestyremøtet fremja H, V, FrP og Sp eit alternativt forslag om at Elvesus får skjenketid til kl. 06.00 inne, i samsvar med søknaden. 

Sjå opptak frå behandlinga på KommuneTV.

Alternativ avstemming: 
Utvalet for helse og omsorg si innstilling fekk 16 stemmer (SV, KrF, VIP, MDG, Hamar, S-M. Horsevik, A. Horsevik, Farsund, Oppedal, Fossen, Varlid) og fall
H, V, FrP og Sp sitt framlegg fekk 21 stemmer (H, FrP, Paulsen, Kapstad, Avedal, Valle, Myrvang, Hetle, Befring, Hegrenes, Klakegg, Følling, Birkeland, Kårstad, Herstad) og vart vedteke 

Vedtak i kommunestyret 

Sunnfjord kommune gir Elvesus AS utvida skjenketid under fotball-VM på følgande vilkår: 

  1. Utvida skjenketid gjeld berre for dei dagane det vert vist VM-kampar direkte. Kampane må visast på ein slik måte at dei er gjort tilgjengeleg for majoriteten av staden sine gjestar. Om kampane vert vist berre på Veslesus, gjeld den utvida skjenketida for dette lokalet.
  2. Skjenkeperioden gjeld frå 18.juni - 19. juli 2026. Skjenking skal avsluttast når kampen er ferdig, men ikkje lenger enn til kl. 06.00 for skjenking inne og kl 03.00 for skjenking ute. 
  3. Utvida skjenketid gjeld for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. 
  4. Utvida skjenkeareal ute vert godkjent for den same perioden under føresetnad av at Elvesus AS har varsla grunneigar (som må godkjenne bruken), politi og brannvesen om arrangementa

Samandrag av kommunedirektøren si vurdering

Endringa i alkohollova gir kommunestyret mogelegheit for å fastsette avvikande skjenketider for plassar som viser direktesendte kampar i fotball-VM for herrar 2026.

Søknaden frå Elvesus er i tråd med det som det vert opna for i endringane i alkohollova. Dei skriv at dei ynskjer utvida skjenketid når dei sender direktesendte kampar - først og fremst Norge sine kampar, men også andre populære kampar kan vere aktuelle. Elvesus har skjenkeløyve i dag og sidan det opna for å utvide skjenketidene under fotball-VM, så vurderer kommunedirektøren at det kan gjevast løyve til dette.

Sjå heile saka med behandling 

Foto: Emil Rasmussen, Vookal

Kontakt

Profilbilde av Kurt Even Andersen
Kurt Even Andersen
Kommunalsjef for helse og sosial
Telefon 57 61 27 02