Prosjektering av Førde ungdomsskule bygget til ny barneskuleFormannskapet behandla 18. september sak 179/26 Prosjektering av Førde ungdomsskule bygget til ny barneskule.Kommunestyret har tidlegare vedteke at Førde barneskule skal flytte til det tidlegare bygget til Førde ungdomsskule. Det er òg vedteke at barneskuletomta skal nyttast til nytt omsorgssenter i Førde.For å halde framdrift i arbeidet med å etablerer ny barneskule i bygget til Førde ungdomsskule, bør arbeidet med prosjektering starte opp så snart det er praktisk mogleg hausten 2026. Målet er å etablere ein ny barneskule til skulestart 2027, men seinast til skulestart i 2028. Prosjekteringa vil gi eit godt grunnlag for å estimere eit tidsperspektiv på ombygging til barneskule.For å halde framdrift med etablering av Førde barneskule i ungdomsskulebygget må prosjektering starte opp hausten 2026. For å dekke inn kostnader til prosjektering blir naudsynte kostnader omdisponert av avsette midlar til Sande skule i 2026 på 1 MNOK. Desse blir tilbakeført til Sande skule i 2027.Sjå sak 179/26 Formannskapet sitt vedtak: Prosjektering av ombygging av Førde ungdomsskule til ny barneskule vert starta opp hausten 2026.Utgifter til prosjektering vert finansierte innanfor avsett totalramme til prosjektet i økonomiplanen på 27 mill. kroner inkl. mva. Utgifter i 2026 vert finansierte ved omdisponering av 1 mill. kroner inkl. mva frå Sande skule til Førde barneskule. Utgifter i 2027 vert finansierte ved omdisponering 1 mill. kroner inkl. mva frå Førde barneskule til Sande skule, slik at totalrammene for prosjekta vert haldne uendra. Sist endra 18.09.2026 14.25