Prosess for tilsetting av kommunedirektørI møte 26. mars vedtok kommunestyret prosess for tilsetjing av ny kommunedirektør. Bakgrunn for sakaKommunestyret godkjente sluttavtale med kommunedirektør Terje Heggheim i møte 22. januar 2026. Lise Mari Haugen vart konstituert som kommunedirektør fram til ny kommunedirektør blir tilsett. Kommunelova § 13-1 første ledd fastset at det er kommunestyret sjølv som tilset ein kommunedirektør.Vurdering kort fortaltTilsetting av ny kommunedirektør må godkjennast av kommunestyret, men praktisk rekruttering kan delegerast til eit tilsetjingsutval. Utvalet får i oppdrag å lyse ut stillinga, vurdere søkarar og foreslå ein kandidat for kommunestyret. Tilsetjingsprosessen er viktig og må være effektiv. Vedtak i kommunestyret: Kommunestyret opprettar eit tilsetjingsutval som får i mandat å førebu tilsetjing av ny kommunedirektør i Sunnfjord kommune. Tilsetjingsutvalet får slik samansetting: ordførar (leiar), varaordførar (nestleiar), gruppeleiar i Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og 2 representantar frå dei tilsette. Tilsetjingsutvalet får mandat til å fastsette framdriftsplan, premissar og praktisk prosess for rekruttering av ny kommunedirektør. Utvalet får fullmakt til å lyse ut stillinga, vurdere søkarane og innstille kandidat til kommunestyret for tilsetjing. Tilsetjingsutvalet får fullmakt til å nytte ekstern bistand.Les heile saka Sist endra 17.04.2026 16.09