Områdereguleringsplan Ankerløkken Øyrane – varsel om oppstart av planarbeid

Formannskapet fastsette planprogram for områdereguleringsplan Ankerløkken Øyrane gbnr 21/649 m.fl. i møte den 20.05.2026, sak 100/26. Vedtaket er gjort med heimel i Plan- og bygningslova § 4-1.

Bakgrunn for saka

Det er varsla oppstart av områdereguleringsplan Ankerløkken Øyrane, gbnr 21/649 m.fl. Ankerløkken Eigedom AS ynskjer å legge til rette for kombinert bustad- og næringsføremål på den vestlege delen av Ytre Øyrane. Dei skisserer ei mogleg utbygging på ca. 500 bueiningar i tillegg til næringsverksemder. Storleiken på arealet er ca. 36 dekar. Det er krav om konsekvensutgreiing og planprogram i samband med utarbeiding av planframlegget.

Ankerløkken Øyrane - Klikk for stort bilete

Kort om planprogrammet

Planprogrammet skal legge rammene for planarbeidet og gjere greie for føremålet med planarbeidet. I tillegg skal ein presentere sjølve planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, og kva grupper som kan verte involverte. Planprogrammet skal vise kva alternativ som vil bli vurdert og gjere greie behovet for utgreiingar m.m.

Sjå viktige dokument i saka