Nytt omsorgssenter i FørdeSunnfjord kommune skal bygge nytt omsorgssenter som skal stå klart i 2030. Omsorgssenteret skal vere i Førde og vi skal ha minst 70 plassar. Sunnfjord kommune har i dag ca. 400 personar med demenssjukdom – i 2040 vil dette talet vere 800. Vi skal derfor bygge eit demensvenleg omsorgssenter. Dette jobbar vi med no Det er lagt fram ein rapport frå arbeidspakke 2: Behovsanalyse - innhald i nytt omsorgssenter Behovsanalysen vart handsama i kommunestyret 26.02.25 med følgjande vedtak: Rapporten “Behovsanalyse - innhald i nytt omsorgssenter” vert teken til vitande. Kommunen planlegg eit nytt omsorgssenter i Førde som eit moderne og fleksibelt bygg, med særleg vekt på demensvenlege institusjonsplassar. Dei to institusjonane i Førde må sjåast i samanheng og mogelegheitene for å legge til rette for samlokalisering av heimetenester, rehabiliteringsog korttidsplassar, samt nødvendige støttefunksjonar skal vurderast. Formannskapet og Utval for helse og omsorg blir involvert i arbeidet med å ferdigstille Kvalitet og kapasitet i helse og omsorg. Det er endeleg bestemt at nytt omsorgssenter skal byggast på tomta til Førde barneskule. Dette vart handsama i kommunestyret 26.02.25: Sunnfjord kommunestyre vedtek at ny institusjon i Førde skal lokaliserast på tomta til Førde barneskule, i tråd med vedtak i sak KST 085/24 og vurderingane i denne saka.Planlegginga skal ta utgangspunkt i eit nytt, demensvennleg institusjonsbygg med 70 plassar og naudsynte støttefunksjonar, med moglegheit for trinnvis utbygging ved behov. Behovsanalysen og resultatet av prosjektet «Kvalitet og kapasitet i helse og omsorg 2026 – 2040» skal takast omsyn til når det gjeld innhald, omfang og funksjonar i den nye institusjonen. Kommunedirektøren får fullmakt til å starte arbeid med reguleringsplan for barneskuletomta og eksisterande omsorgssenter for å sikre framtidig arealbruk for tenestetilbodet innan helse og omsorg. Mars 2026: Vi startar no arbeidet med reguleringsplan for området Kort om byggeprosjektet Sunnfjord kommunestyre vedtok 22. september 2022 bustadsosial handlingsplan for perioden 2022–2030. Eitt av tiltaka i planen er at det vil bli bygd nytt omsorgssenter i Førde innan 2030. Omsorgssenteret skal ha minst 70 plassar og vere demensvenleg. I kommunestyremøte 26.09.24 vart det gjort følgjande vedtak: “ Tomta ved Førde barneskule vert valt som tomt for nytt omsorgssenter i Førde.”Prosjektet er starta og er organisert i tre arbeidspakkar. Organisering av prosjektet StyringsgruppeKirstin Bruland, kommunalsjef omsorgKurt Even Andersen, kommunalsjef helse og sosialDag Inge Roska, einingsleiar bygg- og eigedomsforvaltningLiv Janne Bell Jonstad, einingsleiar fagutvikling Arbeidspakke 1:Lokalisering av nytt omsorgssenter Arbeidspakke 2:Innhald i nytt omsorgssenter Arbeidspakke 3:Detaljplanlegging av rom- og funksjonsprogram Tidslinje for arbeidet med nytt omsorgssenter i Førde Vedtak på bustadsosial handlingsplanVedtak på bustadsosial handlingsplan – der blei det vedteke at det skal bli bygd nytt omsorgssenter med 70 plassar i Førde innan 2030.22. september 2022Lokalisering av nytt omsorgssenter Arbeidspakke 1: Lokalisering av nytt omsorgssenter Les meir om lokalisering av nytt omsorgssenter Haust 2023 og vår 2024Vedtak på lokalisering av tomtVedtak i Kommunestyret 26. september 2024: “Tomta ved Førde barneskule vert valt som tomt for nytt omsorgssenter i Førde. ”26. september 2024 Innhald i nytt omsorgssenter Arbeidspakke 2 vil arbeide med innhald i nytt omsorgssenter.Vår 2025Eksternt arbeidsmøteTid: onsdag 14. mai klokka 18.00–20.00 Stad: Møterom Sunnfjord på Sunnfjord RådhusMeir informasjon kjem 14. mai 2025 Detaljplanlegging av nytt omsorgssenterArbeidspakke 3 arbeider med detaljplanlegging av nytt omsorgssenter.RapportRapport frå arbeidspakke 2 Behovsanalyse - innhald i nytt omsorgssenterBehovsanalysen vart handsama i kommunestyretBehovsanalysen vart handsama i kommunestyret 26.02.25 med følgjande vedtak: Rapporten “Behovsanalyse - innhald i nytt omsorgssenter” vert teken til vitandeOmsorgssenter skal byggast på tomta til Førde barneskuleDet er endeleg bestemt at nytt omsorgssenter skal byggast på tomta til Førde barneskule. Dette vart handsama i kommunestyret 26.02.25Reguleringsplan for områdetStartar arbeidet med reguleringsplan for området i mars 2026 Mars 2026Nytt omsorgssenter står klart Nytt omsorgssenter står klart.2030 Aktuelt