Innsparingar i Sunnfjord kommuneSunnfjord kommune har samla mål for innsparing på 57,9 mill. kroner for samfunnstenestene. Der 30 mill. kroner av desse er ei ytterlegare innsparing. Formannskapet vil behandle saka 23. april.I samband med behandling av budsjett 2026 gjorde kommunestyret vedtak i sak 112/25 «Kommunestyre bed kommunedirektøren legge opp til ein prosess der ein ser på dei administrative sektorane og einingane som så langt ikkje har vore omfatta av kvalitet og kapasitet, inkludert stab og støtte, med mål om å redusere driftskostnadane med inntil 30 mill. kr. innan utgangangen av 2027. Innsparinga kjem i tillegg til allereie foreslegne innsparingar, omstillingar og salderingar i desse sektorane. Kommunedirektøren legg fram ei sak om gjennomføring i samband med revidering av budsjettet.»Det er no behov for følgjande avklaringar kva nivå ytterlegare innsparing i samfunnstenestene skal ligge på korleis innsparinga skal fordelast mellom sektorane år tiltak realistisk kan gi effekt Samfunnstenestene omfattar: stab og støttekultur og idrett teknisk og miljø Vedtekne mål for innsparing, omstilling og saldering for desse sektorane i 2026 og 2027 er 48 mill. kr. Av dette er 20,1 mill. kr alt sett i verk i 2026. Gjenståande innsparing er dermed 27,9 mill. kr. I tillegg kjem ytterlegare innsparing på 30 mill. kr med effekt seinast i 2027. Samla mål for innsparing vert 57,9 mill. kr. Samanlikna mot snittet av kommunar i KOSTRA-gruppe 9 har Sunnfjord kommune totalt sett eit teoretisk handlingsrom på å drive 100 mill. kr meir kostnadseffektivt basert på rekneskap 2025.For samfunnstenestene er 30 mill. kr i ytterlegare innsparing eit ambisjonsnivå som er 7 % innsparing utover teoretisk handlingsrom. Arbeidet så langt har vist at det vil føre til svært store konsekvensar å spare inn ytterlegare 30 mill. kr for samfunnstenestene. Kommunedirektøren tilrår derfor at kommunestyret sitt ytterlegare innsparingsmål blir nedjustert til maks 20 mill kr. Les heile saksframlegget og sjå alle dokument i saka Sist endra 17.04.2026 15.08