Høyring av søknad om å regulere Selsvatnet

Kommunestyret vil 18. desember gje uttale til NVE si høyring av søknad om å regulere Selsvatnet.

Kartutsnitt - Klikk for stort bilete

Bakgrunn for saka 

Søknad om å regulere Selsvatnet har tidlegare vore på høyring 01.03.2024–19.04.2024. 

NVE har fått ein søknad frå Selselva Kraft AS, datert 17.09.2025, med endra planar. Den endra søknaden blir send på ny høyring med høyringsfrist 01.12.2025. 

Selselva Kraft AS søkjer no om konsesjon til å regulere Selsvatnet mellom kote 839 moh og 840 moh samt å auke slukeevna i Selselva kraftverk frå 1,05 m3/s til 1,3 m3/s. 

Etter høyringa i 2024 har søkjar gjort endringar i prosjektet. Endringane omfattar i hovudsak at søkjer planlegg regulering utan aktiv tapping for døgnoptimalisering, lågare høgde på dammen og at ingen nye areal demmast opp og leggjast under vatn. 

NVE ønskjer å få inn synspunkt på endringane som er presenterte i søknaden. Dei ønskjer konkrete synspunkt på om planane bør gjennomførast, ev. val av alternativ eller forslag til avgrensingar i planane. Dei ønskjer også grunngjevne forslag til mildnande tiltak som kan redusere eventuelle ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber dei om eventuelle kommentarar til om søknaden gir tilstrekkelege opplysningar om verknadene av tiltaket. 

NVE sitt høyringsbrev, ny søknad frå Selselva Kraft AS og andre aktuelle dokument ligg på denne lenka Konsesjonssak - NVE

Sjå heile saka Høyring av søknad om å regulere Selsvatnet  

Innstilling frå Formannskapet 4. desember 2025

Sunnfjord kommune finn å kunne tilrå at Selselva Kraft AS får konsesjon til å regulere Selsvatnet mellom LRV på kote 839 og HRV på kote 840, og til å auke slukeevna i Selselva kraftverk til 1,3 m3/s. Kommunen meiner at revidert løysing for dam og regulering reduserer dei negative konsekvensane tiltaket medfører i høve andre samfunnsomsyn i tilstrekkeleg grad. Sunnfjord kommune syner til følgjande moment frå førre uttale som framleis er aktuelle for NVE å vurdere i si konsesjonshandsaming:

  • Kystfloke kan misse leveområde. Som det kjem fram i rapport om konsekvensar for naturmangfald, er det knytt stor usikkerheit til kva arten tåler av redusert vassføring. 
  • Området er del av Sunnfjord villreinområde. Av omsyn til villrein, må eventuell innverknad på Isforholda på Selsvatnet vurderast grundig. 
  • Dam vil bli etablert i eit sårbart høgfjellsområde med store lokale, regionale nasjonale og internasjonale brukarinteresser. regulering vil kunne bli synleg frå rute til Kvamshesten og vil bli synleg frå turområda kring.
  • Omdømme/og populæritet knytt til friluftsliv/reiseliv kan bli negativt påverka. 
  • Ut over tiltak som tillrettelegg for friluftsliv er fjellområdet urørt og utan tekniske inngrep. 
  • Området har store geologiske verdiar. 
  • Øvre delar av Selselva er eit godt synleg landskapselement, elva oppstraums inntak renn i dag fritt. 


Av nye tilhøve ber Sunnfjord kommune NVE om å ha særskild merksemd på og vurdere følgjande i si handsaming: 

  • Nye registreringar av artar kring Selsvatnet er ikkje konsekvensvurdert eller omtalt i søknaden. 
  • Bergselva Bygstad kraft AS har fått konsesjon på bygging av Bergselva kraftverk. Samla belastning på naturtypen elvevassmassar for desse to utbyggingane må vurderast. 
  • Ei eventuell utbygging som søkt om kan i annleggsfasen føre til utfordringar knytt til planar om å sikre drikkevassforsynga med å ha vassintak i Begselva, sidan det no føreligg kosesjon for utbygging av denne. 


Kommunen ser fordelar med å kunne auke produksjonen av rein energi. Framleis kan søkt løysing ha konsekvensar som peikar mot at samfunnsnytten (produksjon av ca. 3 GWh/år rein kraft) ikkje når opp mot konsekvensar for andre samfunnsinteresser. 

Kommunen syner til dei merknader som går fram av kommunedirektøren sine vurderingar og i samandrag og legg til grunn at NVE tek dette med seg i si handsaming av konsesjon. 

Om NVE finn å kunne gi konsesjon, så skal det lagast ein detaljplan for utbygginga. Ein eventuell slik detaljplan skal Sunnfjord kommune ha til uttale, før han blir godkjent.

Sjå i formannskapet 4. desember