God framdrift i arbeidet med framtidas helse- og omsorgstenester

Sunnfjord kommune er godt i gang med arbeidet for å sikre gode, trygge og berekraftige helse- og omsorgstenester for framtida. Statusrapporten for prosjektet Kvalitet og kapasitet i helse og omsorg 20262050 viser at vi har kome langt – både i å bygge kunnskapsgrunnlag, involvere organisasjonen og teste ut nye løysingar.

Eit sentralt resultat i arbeidet er eit forslag til strategisk retning for helse- og omsorgstenestene i Sunnfjord.

Meir heimebasert kommune

Den viktigaste retninga er å utvikle ein meir heimetenestebasert kommune, der:

  • flest mogleg kan bu trygt heime lengst mogleg
  • tenester blir gitt på rett nivå til rett tid
  • institusjonstilbod blir brukt målretta for dei som treng det mest
     

Dette bygger på prinsippet om «rett hjelp til rett tid», og eit felles rammeverk – den såkalla innsatstrappa – som skal sikre god kvalitet og berekraft i tenestene.

Brei innsats og gode resultat så langt

Prosjektet omfattar seks delområde – frå kapasitet og tenestestruktur til digitalisering, rekruttering og samarbeid med pårørande og frivillige.

Statusen etter det første året viser :

  • vi har etablert eit solid kunnskapsgrunnlag for vidare val
  • det er gjennomført brei medverknad frå tilsette, leiarar og politikarar
  • fleire tiltak og pilotar er starta opp og gir allereie gevinstar
  • det er auka fokus på samanhengen mellom kvalitet, kapasitet og økonomi
     

Blant konkrete resultat ser vi mellom anna:

  • betre flyt og samanheng i tildeling av tenester
  • nye lågterskeltilbod innan psykisk helse
  • meir systematisk bruk av teknologi og digitale løysingar
  • utvikling av nye samarbeidsformer med pårørande og frivillige

Politisk orientering

Det vert orientering om status i prosjektarbeidet på politiske møter i juni 2026

Sjå saksdokument og vedlagde rapportar til sak 022/26

Vegen vidare

Arbeidet held fram gjennom hausten 2026, med fokus på:

  • prioritering av konkrete tiltak
  • vidare utgreiing av struktur og løysingar
  • politisk handsaming av den strategiske retninga
     

Målet er å gå frå gode prinsipp til konkrete val som legg grunnlaget for framtidas helse- og omsorgstenester i Sunnfjord.