fv.57 Båtevika – StorehaugenFormannskapet vil 5. februar behandle saka Kommunedelplan fv.57 Båtevika – Storehaugen, utlegging til offentleg ettersyn.Formannskapet skal ta stilling til om saka er tilstrekkeleg opplyst slik at forslag til kommunedelplan (KDP) fv.57 Storehaugen – Båtevik kan bli lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Planforslaget har tre hovudalternativ til trasé gjennom området pluss tre variantar av dei. Val av trasé for framtidig fv. 57 skal skje etter høyring og offentleg ettersyn når KDP vert lagt fram til kommunestyre for vedtak.I møte i formannskapet 15. januar presenterte Arne Kringlen, Norconsult og Ann Kristin Nes, fylkeskommunen alternativa og si tilråding. Sjå opptak av presentasjonen i KommuneTV, vel kamera projektor for å sjå presentasjonen. Sjå presentasjonen som vart vist i møtet.Fylkesveg 57 er ein prioritert regional hovudveg i gjeldande regional transportplan (RTP) for Vestland. Samfunnsmålet til kommunedelplan (KDP) er: «Utbetring av fv. 57 mellom Båtevika og Storehaugen skal styrke konkurransekrafta i næringslivet og hovudtrekka i busettingsmønsteret på aksen Førde – HAFS-området.» KDP fv. 57 Båtevika – Storehaugen skal avklare framtidig trasé for fv.57. Alle vegtrasèane er tilgjengelege elektronisk på kommunekart.com eller arealplanar.no.Les saka og sjå alle alternativa for trasè Sist endra 02.02.2026 10.20