Detaljreguleringsplan Sunnfjord næringspark aust til høyring og offentleg ettersyn

Formannskapet i Sunnfjord kommune har i møte den 11. desember 2025 vedteke å legge detaljreguleringsplan Sunnfjord næringspark aust til høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsperioden er 16. desember 2025 - 8. februar 2026.

Kartfigur av detaljreguleringsplan - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kort om planen

Planen legg til rette for etablering av industri, lager, forretning (plasskrevjande varer), transportbedrifter, vegserviceanlegg, renovasjons-/gjenvinningsanlegg, datasenter og/eller transformatorstasjon på Moskog. Det er regulert areal til ny infrastruktur og grøntområde i dei nye byggeområda. Vegkrysset E39 og fv613 er endra, og verknaden av dette er m.a. at bustadhuset på gbnr 47/6 må fjernast. Området mellom Jølstra og nye byggeområde i aust er regulert til eksisterande arealføremål som bustad, energianlegg, LNF-område, og blågrøn struktur. 

Reguleringsføresegna fastset ulike rammer og krav for utbygging i dette området. Det er knytt ulike rekkjefølgjekrav i samband med gjennomføring av planen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar. Illustrasjonar og teikningar i planframlegget viser moglege framtidige løysingar for utbygging.

Planområdet er samla ca. 466 dekar, og ligg på Moskog ca. 1 mil aust for Førde sentrum.

Eigedomar i planområdet: Gnr. bnr. 12/5, 12/8, 47/1, 47/6, 47/7, 47/9, 47/11, 47/18, 47/34, 47/37, 47/48, 47/50, 48/3-4, 48/7, 351/1, 351/2, 351/9-12, 359/15, 351/16-17, 351/18, 351/19, 351/21, 351/22, 351/26, 351/30-33.

Planframlegget vil erstatte heilt eller delvis følgjande reguleringsplanar:

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 8. februar 2026

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 8. februar

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til  sak 22/6350

Du kan også sende innspel per post , då må du merke saka med saksnummer: 22/6350

  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Berit Holme om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.

Kontakt

Berit Holme
Fagkoordinator planavdeling
Telefon 57 61 27 16

 Jobbar med planarbeid og dispensasjon etter plan- og bygningslova