Detaljregulering Hafstadparken

Kommunestyret behandla 24. september sak 167/26: Vedtak - planendring av Detaljregulering Hafstadparken, mindre reguleringsendring.

Planendringa skal legge til rette for eit heilårs aktivitetstilbod for fotball gjennom etablering av ein hall innanfor eksisterande idrettsareal i Hafstadparken. Samstundes skal omsynet til landskap, allmenn bruk, parkpreg og samfunnstryggleik ivaretakast gjennom reguleringsføresegner og vidare prosjektering.

Hafstadparken vart regulert og utvikla som eit offentleg aktivitets- og idrettsområde med mål om å vere ein attraktiv aktivitetspark for både organisert og uorganisert aktivitet. Eit sentralt prinsipp i planarbeidet var at området skulle vere tilgjengeleg for alle og fungere som ein park for heile befolkninga. 

Førde IL har over fleire år arbeidd med planar om etablering av fotballhall i Førde. I samband med dette vart det i 2023 gjennomført eit forprosjekt og ei brei vurdering av mogelege løysingar.

Hallen vil ha eit fotavtrykk på om lag 8 000-9 000 m² og ei maksimal høgd på om lag 21,5 meter. Hallen vil vere eit dominerande element i området og representerer ei visuell endring samanlikna med dagens situasjon. Samstundes vert tiltaket etablert innanfor eit område som allereie er regulert og nytta til idretts- og aktivitetsføremål.

I samband med planarbeidet er det utarbeidd ei rekke fagutgreiingar, mellom anna estetikk, ROS-analyse, flaumvurdering, geoteknisk vurdering av områdestabilitet og uavhengig kvalitetssikring av geoteknisk grunnlag.

Les heile sak 167/26

Vedtak i kommunestyret 24. september 2026 

  1. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 vert mindre endring av detaljregulering for Hafstadparken, planid 143220100002, vedteken slik det går fram av plankart og reguleringsføresegner sist reviderte etter høyring.
  2. Føresegnene vert justerte i samsvar med NVE si fråsegn ved at det vert innarbeidd eigne føresegner for omsynssonene H320_1 og H320_2 knytt til flaumfare, overvatn og bakvasspåverknad.
  3. Kommunestyret legg til grunn at ein eventuell fotballhall skal prosjekterast med arkitektonisk kvalitet, god landskapstilpassing og universell utforming, i samsvar med reguleringsføresegnene og intensjonen om Hafstadparken som eit ope og tilgjengeleg aktivitetsområde for heile befolkninga.
  4. Kommunestyret legg til grunn at ein eventuell fotballhall skal inngå som del av det samla aktivitetstilbodet i Hafstadparken og vere tilgjengeleg etter dei same overordna prinsippa som gjeld for kommunale baneanlegg.
  5. Kommunestyret ber om at eventuell byggjesak for fotballhallen vert lagt fram til politisk handsaming i formannskapet før endeleg avgjerd vert fatta.

Kontakt

Profilbilde av Odd Harry Strømsli
Odd Harry Strømsli
Einingsleiar Areal- og byggesak
Telefon 57 61 27 15

Einingsleiar