Nærmiljøråda

Nærmiljøråda er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Bygstad nærmiljøråd

Satsningsområde 

Nærmiljørådet er opptatt av å skape sosiale møteplassar og gode nærmiljøtiltak i Bygstad. Dei har mellom anna sett opp eit eige grindebygg i sentrum. Rådet arrangerer elles møte om sentrale utfordringar som gjeld Bygstad.

Kontaktinformasjon 

Foto: David Zadig

Bygstad ved hamneområdet foto: Zadig - Klikk for stort bilete

Naustdal nærmiljøråd

Satsningsområde 

Nærmiljørådet har både planar for å utbetre badestranda “Sanden” , plassere ut fleire benkar, og ruste opp turstiar. Gamlebrua er ei utfordring og noko nærmiljørådet òg engasjerer seg i. Det same gjeld ønskje om å tilrettelegge strand i Vevring. 

Kontaktinformasjon 

Foto: Alf Vidar Snæland

Naustal utsikt retning Kråkenes og Bleja skråfoto av Alf Vidar Snæland - Klikk for stort bilete

Sande nærmiljøråd

Satsningsområde 

Nærmiljørådet arbeider for å få etablert ein gangveg mellom bruene i sentrum tilrettelagt for universell tilgjenge. Dei manglar òg gatebelysning på den eldste brua. Her er heller ikkje fortau, noko som skapar utfordringar med omsyn til trafikktryggleiken. Rådet har kjøpt grillgytte som dei vil sette opp i sentrum.

Kontaktinformasjon 

Foto: David Zadig

Sande sentrum foto: David Zadig - Klikk for stort bilete

Skei nærmiljøråd

Satsningsområde 

Skei nærmiljøråd er oppteken av stadutvikling på Skei og trafikktryggleik i sentrum. Arbeidar for gangfelt over riksvegen. Arbeider òg for betre merking av fjellturar, som steinlegging av stien opp mot Dagsturhytta og forlenge stien mot «Bjørnehiet». Rådet har elles planar om å få på plass eit stuperett ved badeplassen. 

Kontaktinformasjon 

Foto: Alf Vidar Snæland

Skei sentrum foto: Alf Vidar Snæland - Klikk for stort bilete

Vassenden nærmiljøråd

Satsningsområde 

Det er stort engasjement på Vassenden og fleire spennande planar. Nærmiljørådet har utarbeidd ein eigen muligheitsstudie for Vassenden. Målet er å skape tilgjenge for alle og etablere temaparkar både i tilknytning til Jølstravatntet og elva Jølstra. Rådet er òg engasjert i utvikling av campingplassen og planane for lagnaden til tidlegare Jølster hotell.

Kontaktinformasjon 

Foto: Torbjørn Wingsternes

Utsikt over Jølstravatnet frå sørsida ved Astruptunet foto: Wingsternes - Klikk for stort bilete

Viksdalen nærmiljøråd

Satsningsområde 

Nærmiljørådet arbeider aktivt for positiv aktivitet og engasjement i bygda. deltek i LivOGLyst-prosjektet som skal skape entusiasme i lokalsamfunnet. Arbeidar forutvikling av Viksdalen som bygd, nærsenter og destinasjon. 

Nærmiljørådet har arrangert mini-julemarknad, «Jul i Vikja». Ei eiga gruppe har starta planar for opprusting av sentrumsmiljøet. Nærmiljørådet ønsker at det skal vere mogeleg med tilrettelagde bustader nær viktige tenester og møteplassar for eldre. 

Kontaktinformasjon 

Foto: Alf Vidar Snæland

Vallestad utsikt mot Lauvavatnet og Viksdalen foto: Alf Vidar Snæland - Klikk for stort bilete

Bakgrunn for ordninga 

Nærmiljøråda vart etablerte i samband med kommunesamanslåinga til Sunnfjord kommune. Bakgrunnen var Sunnfjord utvikling sitt tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Bygstad og rapport for tettstadutviklingsprosjektet.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etablert i 2020, vart desse gruppene vidareført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen òg fått eige nærmiljøråd.

Aktivitetstilskot

Nærmiljøråda kan søke om tilskot til aktivitet, prosjekt og andre tiltak som bidreg til meir aktivitet og trivsel i nærmiljøet. Kommunestyret har sett av 125 000 kr i årsbudsjett i 2025, for aktivitetstilskot. 

Utvalet for næring og miljø har vedteke følgande prinsipp for utdeling av tilskotet i møte 11. juni 2025: 

  • Dei seks nærmiljøråda i kommunen kan søke om aktivitetstilskot.
  • Det kan bli søkt om støtte til aktivitet, prosjekt, utstyr eller anna tiltak som bidreg til 
    gode kvardagsliv i nærmiljøet.
  • Tiltaket bør vere ope for innbyggarane i lokalmiljøet.
  • Støtta er for enkeltløyving, ikkje for å dekke vanlege driftskostnader. 
  • Dei som får tilskot skal bruke midlane innan eitt år og sende ein kortfatta rapport med budsjett for bruk av tilskotet.
  • Søknadsfristen for aktivitetstilskotet er 1. september 2025. 
  • Utvalet for næring og miljø vedtek fordeling av aktivitetstilskotet i møte 22. oktober. 
     

Utdeling av aktivitetstilskot i 2025: 

  • Naustdal: Dugnad og vedlikehald av Russeneset friluftsområde 30 000 kroner
  • Viksdalen: UngeiArbeid i Viksdalen 20 000 kroner
  • Skei: Ferdigstilling av Stupetårn i Skeisbukta 25 000 kroner
  • Sande: Oppstart av hage og leikeplass ved kommunehuset 25 000 kroner
  • Vassenden: Ny skulptur i elva Jølstra 25 0000 kroner
  • Bygstad: Prosjekt for å etablere episenter Geopark 10 000 kroner

Sjå alle søknadane

Aktuelt frå nærmiljøråda