Tilskotsmidlar til kultur og idrettAlle som har aktivitetstilbod kan søke kommunen om tilskotsmidlar til kultur, idrett og friluftsliv. Tiltak for barn og unge vert prioritert. Tilskot til einskildarrangement og prosjektAlle kan søke om midlar til einskildarrangement, prosjekt og andre tiltak og aktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv.Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. september.Søknadsskjema er tilgjengeleg her éin månad før søknadsfrist.Søk om tilskot til arrangement og prosjektDriftstilskot for lag og organisasjonarTilskot til drift av lag og organisajonar innan kultur, idrett og frilufsliv kan berre frivillige lag og organisasjonar søke om.Søknadsfristen er 1. mars kvart år.Søknadsskjema finn du her ein månad før søknadsfristen.Søk om driftstilskotKrav til søknadenInformasjon om søkar.Skildring av aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.Budsjett for aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.Søker du om driftstilskot er det krav om å legge ved årsmelding og rekneskap for siste driftsår.Andre vilkår til søkararFrivillige lag og organisasjonar må vere registrert i Brønnøysund - Frivilligregisteret.I informasjon og annonsering skal det gå fram at tiltaket er støtta av Sunnfjord kommune.Mottakarar av arrangementsstøtte pliktar å ha fri tilgjenge for personar som har følgekort.Rapportering Det er krav om rapportering på tilskotsmidlane. Arrangement og andre tiltak: Skriftleg rapport og rekneskap skal sendast snarast råd etter at tiltaket er gjennomført. Driftstilskot til lag og organisasjonar: Signert årsmelding og rekneskap for tilskotsåret skal sendast kommunen. Har du spørsmål?Ta kontakt med kommunalsjef for kultur og idrett Anita Nordheim om du har spørsmål eller treng meir informasjon. Sist endra 20.08.2024 13.14