Piano

Anbefalt alder:

frå 1. klasse
5/6 år


Undervisningsstader:
Sunnfjord kulturskule (Førde)
Slåtten skule (Førde)
Sande
Vassenden
Naustdal
Bygstad

Pris:
Sjå prisliste
(Elevkontingent)

Om undervisninga:

Pianoelevar må ha piano til øving.
Det kan anten vere eit elektrisk piano (el-piano) eller eit akustisk piano.
Keyboard er dessverre ikkje tilstrekkeleg når eleven har nådd eit visst nivå.
(Be lærar om råd ved kjøp av instrument)

Pianotilbod for barn på venteliste

Er barnet ditt på venteliste for pianokurs? Vi tilbyr no eit eittårig pianotilbod for barn i aldersgruppa 2. - 4. klasse. Dette tilbodet er for dei som står på venteliste, og plassane blir tildelt i ventelisterekkefølgje. Dei som har stått lengst på ventelista, får tilbod fyrst.

For å vere med i kurset, må ein ha søkt om plass på piano. Kurset vil gi barna ei fin innføring i pianoet, med fokus på grunnleggjande ferdigheiter som notelesing, rytme og enkle songar. Vi brukar el-piano og hodetelefonar for å sikre ei fleksibel og engasjerande læringsoppleving.

Bli med på ei spanande musikkreise og utvikle kreativiteten medan barnet ditt ventar på plass på ordinært pianokurs!

Lærarar