Tverrfløyte

Anbefalt alder:
frå 1. klasse
5/6 år

Undervisningsstader:
Førde

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.960,-

Tverrfløyte på Sunnfjord kulturskule:
Eleven lærer grunnleggande speleteknikk og notelesing hos læraren sin. Undervisninga er individuelt nivåtilpassa. Instrument kan leigast, og dersom nokon ønskjer å ha sitt eige, tilrår vi å kontakte instrumentallærar for råd om kjøp. Det finst mange arenaer for samspel, både i korps, symfoniorkester og prosjektbaserte grupper som lærarane set saman.
Organisering: Undervisninga er anten induviduell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke. Vi tilrår at korpselevar har speletimar parallelt med speling i korps. Vi nyttar også minifløyte som introduksjonsinstrument i undervisninga, denne minnar mest om ei blokkfløyte, men haldast til sida og blåsast på samme måten som tverrfløyta.

Om instrumentet:
Tverrfløyta fekk navnet fordi den vert halden til sida. Tonehøgda vert bestemt ved at ein trykker ned ulike kombinasjonar av klaffane, og ved endringar i luftstraumen.

Kostnader:Du kan leige ei tverrfløyte hos oss for 500,- i hålvåret. Ein god nybyrjarfløyte kostar ca. 7000 kroner. Dyre proffinstrument kan koste opp til fleire 100.000 kroner.

Historie:
Tverrfløyta er eit treblåseinstrument fordi den opprinneleg var laga av tre. No vert det laga fløyter i ulike metall, det vanlegaste er sølvlegeringar, men det vert også laga fløyter i gull og platinum.
I byrjinga var tverrfløyta utan klaffar, den hadde hol som ein dekka med fingrane. Etterkvart som fløyta utvikla seg kom det fleire klaffar til. I 1847 tok Theobald Boehm patent på eit revolusjonerande nytt fløytedesign som den dag i dag dannar utgangspunktet for utforminga av alle tverrfløyter.

Berømte personar som spelar tverrfløyte:
Emmanuel Pahud, Emily Beynon, William Bennett, Ian Anderson, James Galway

Lærarar