Sunnfjord kommune

Trombone

_igp0989.jpg - Klikk for stort bilete

Anbefalt alder:
frå 4. klasse
8/ 9 år

Undervisningsstader:
Førde
Naustdal
Sande
Vassenden

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.750,-

Trombone på Sunnfjord kulturskule:
Alder: frå 4. klasse (4. klasse får tilbod om messingopplæring i skuletida på Slåtten og Sunde skule)
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangre, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det innebærer at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Valg av instrument innafor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetningar og korpsene sine behov i forhold til besetningen.
Det blir gitt opplæring individuelt eller i små grupper.
Frå 5. klasse spelar elevane i tillegg til kulturskulen i aspirantkorps i Førde skulemusikk eller Slåtten skulemusikk. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.

Om instrumentet:

Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Ein person som speler trombone vert kalla "trombonist".
Ordet trombone kjem frå det italienske ordet "tromba" som tyder trompet og "one" som er eit suffiks for stor. Såleis tyder trombone "stor trompet".

Den klassiske trombonen vert brukt i moderne orkester som janitsjakorps (medrekna militærkorps), brassband, storband og symfoniorkester. Han vert òg brukt i mindre besetningar som kammerorkester (trioar, kvartettar og kvintettar), og vert brukt i grupper som speler swing, jazz, salsa og ska.

Kostnadar:
Du kan låne instrument enten frå eit korps eller frå kulturskulen (500,- per halvår). 

På venteliste:
1

Kontaktinformasjon