Kornett/ trompet

Anbefalt alder:

Frå 4. klasse
8/9 år

Undervisningsstader:

Førde
Naustdal
Sande
Vassenden

Bygstad

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.960,-

Kornett/trompet på Sunnfjord kulturskule:
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk etter notar og gehør.

Det vert jobba med musikk innanfor ulike stilartar.
Det er forholdsvis lik teknikk å spele ulike messinginstrument. Det betyr at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk.

Val av messinginstrument avhenger ofte av eleven sine fysiske føresetnadar og korpsa sine behov. Det blir gitt opplæring individuelt eller i små grupper.
Ved sidan av å gå på kulturskule kan eleven spele i Førde skulemusikk, Sande og Bygstad skulemusikk, Vassenden skulemusikk eller Slåtten skulemusikk.

Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.

Om instrumentet:

Kornett er eit messingblåseinstrument som liknar mykje på trompet, men er eigentleg nærare i slekt med horn. 

Alle messingblåseinstrument har til felles at dei er ei vidareutvikling av signaltrompet. Eit instrument som vart brukt i gamle dagar for å sende lydsignaler over lange avstandar. Instrumentet bestod av eit munnstykke, eit langt rør og eit sjallstykke. Etterkvart fann ein ut at ein kunne bøye det saman i forskjellige retningar for å gjere det mindre og sette på ventilar, slider eller klaffar.

Kornetten blir brukt spesielt i brassband, men også i janitsjarkorps og orkester. Det har ein rund og mjuk klang og er eit av dei mest brukte instrumenta i korps.

Ein trompet liknar på kornett, men har sylindrisk boring, det gjev ein meir direkte klang. Det er vanleg å bruke trompet i janitsjarkorps, storband og orkester. Trompeten spelar gjerne signal og fanfarar, men blir også nytta i improvisasjon og jazz. Det vert ofte sett på som det instrumentet med sterkast lyd.

Kostnadar:
Du kan låne instrument enten frå eit korps eller frå kulturskulen (500,- per halvår). 

Berømte personar som spelar kornett/ trompet:
Ole Edvard Antonsen, Tine Thing Helseth, Wynton Marsalis, Chet Baker, Louis Armstrong, Miles Davis. 

Lærarar