
Trompet

Kornett
Kornett / Trompet
Anbefalt alder:
Frå 4. klasse
Undervisningsstad:
Førde
Bygstad
Sande
Vassenden
Instrumentleige:
Ja, kan leigast av kulturskulen
Pris:
Sjå prisliste
(Elevkontingent)
Om undervisninga:
Kornett og trompet er messinginstrument med klår og kraftig klang, mykje brukte i både korps og klassiske samanhengar. Undervisninga gir opplæring i speleteknikk, pust og notelesing. Elevane får høve til å spele solo og i samspel, og blir oppmoda til å delta i skulekorps eller andre ensemble. Undervisninga blir tilpassa den enkelte, og legg vekt på spelglede, musikalsk utvikling og meistring.
Ved sidan av å gå på kulturskule kan eleven spele i Førde skulemusikk, Sande og Bygstad skulemusikk, Vassenden skulemusikk eller Slåtten skulemusikk.
Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.
Vel ein eller fleire alternativ: