Baryton/ euphonium

Anbefalt alder:

frå 4. klasse
8/ 9 år

Undervisningsstader:
Førde
Naustdal
Sande
Vassenden

Bygstad

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.960,-

Baryton/ euphonium på Sunnfjord kulturskule: 
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangre, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det innebærer at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Valg av instrument innafor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetningar og korpsene sine behov i forhold til besetningen.
Det blir gitt opplæring individuelt eller i små grupper.
Frå 5. klasse kan elevane i tillegg til kulturskulen spele i aspirantkorps i Førde skulemusikk, Sande skulemusikk, Vassenden skulemusikk eller Slåtten skulemusikk. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.

Kostnadar:
Du kan låne instrument enten frå eit korps eller frå kulturskulen (500,- per halvår).

Lærarar