
Baryton / Euphonium
Anbefalt alder:
Frå 4. klasse
Undervisningsstad:
Førde
Bygstad
Vassenden
Sande
Instrumentleige:
Ja, kan leigast av kulturskulen
Pris:
Sjå prisliste
(Elevkontingent)
Om undervisninga:
Elevane lærer grunnleggjande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa, både etter notar og på gehør. Dei får spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert valde i samråd med lærar.
Speleteknikken er nokså lik på dei ulike messinginstrumenta. Det gjer at overgang frå eitt messinginstrument til eit anna gjerne går uproblematisk. Val av instrument innan messinggruppa avheng derfor ofte av dei fysiske føresetnadene til eleven og behovet for besetning i korpsa.
Det blir gitt opplæring individuelt eller i små grupper.
Frå 5. klasse kan elevane, i tillegg til undervisninga i kulturskulen, spele i aspirantkorps i Førde skulemusikk, Sande skulemusikk, Vassenden skulemusikk eller Slåtten skulemusikk. Dette inneber deltaking i toget på 17. mai og deltaking på fleire konsertar gjennom året. Vi tilrår at ein tek speletimar parallelt med spel i skulekorps, uansett nivå og alder.
Vel ein eller fleire alternativ: