Sunnfjord kommune

Althorn

Anbefalt alder:
frå 5. klasse
9/10 år

Undervisningsstader:
Førde
Sande
Naustdal

Vassenden

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.750,-

Althorn på Sunnfjord kulturskule:
Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
Speleteknikken er forholdsvis lik på dei ulike messinginstrumenta. Det inneber at overgang frå eit messinginstrument til eit anna er nokså uproblematisk. Val av instrument innanfor messinggruppa avhenger derfor ofte av eleven sine fysiske forutsetnadar og korpsa sine behov i forhold til besetninga.
Det blir gitt opplæring individuelt eller i små grupper.
 Frå 5. klasse kan elevane i tillegg til kulturskulen spele i aspirantkorps i Førde skulemusikk, Sande og Bygstad skulemusikk, Vassenden skulemusikk eller Slåtten skulemusikk. Dette inneber deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Å ta speletimar anbefaler vi parallelt med spel i skulekorps uansett nivå og alder.

Om instrumentet:

Althorn ser ut som ein liten tuba og er stemt i Eb. Det har ein rund og varm klang og kan sjåast på som hjartet i brassband. Dette er fordi dei ofte har mellomstemmer som binder dei lyse instrumenta som kornett og flygelhorn saman med grovmessing. Althorn vert også nytta som eit solist instrument. I likheit med kornett, flygelhorn, bariton, euphonium og tuba har althorn ei konisk boring, som gjev rundt klang. Trompet og trombone har sylindrisk boring som gjev ein meir direkte klang.

Berømte personar som spelar althorn:
Sheona White og Florian Rademacher Krogsæter.

Kostnadar:
Du kan låne instrument enten frå eit korps eller frå kulturskulen (500,- per halvår).  

img_9154.jpg - Klikk for stort bilete



Kontaktinformasjon