-
Dato
-
Torsdag, 18.09.2025 17.00 - 18.09.2025 19.00
Fredag, 19.09.2025 17.00 - 19.09.2025 19.00
-
Stad
-
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 226 - Sørsalen
🌟 Ungdomsveka 15.–19. september 🌟
Ungdomsveka er ei heil veke fylt med kjekke aktivitetar for ungdom i Førdehuset! Her kan du prøve alt frå kino og bading til redesign, gaming, turneringar og ikkje minst opninga av den heilt nye Førde Ungdomsklubb.
🎶 Sunnfjord kulturskule er sjølvsagt med! 🎶
✨ Onsdag 17. september kl. 16.00–20.00 – Offisiell opning av Førde Ungdomsklubb
På opningsdagen stiller vi med vårt eigen band Toxic Brains, som rockar scena i teatersalen frå kl. 16.00. Etterpå inviterer vi til bandjam, der du kan vere med og teste instrument og musikk saman med oss!
🎸 Torsdag 18. september – Open dag i kulturskulen (17–19)
🎭 Fredag 19. september – Open dag i kulturskulen (17–19)
Her kan du kome innom kulturskulen, møte lærarane våre og stille spørsmål om alt frå musikk og teater til visuell kunst.
👉 Er du nysgjerrig på å spele, synge, stå på scena eller skape noko visuelt? Då er dette sjansen til å finne ut kva kulturskulen kan tilby!
💙 Vi gler oss til å treffe deg under Ungdomsveka!
