Lyarscena - ein konsertserie i Nordsalen

Dato
Torsdag, 11.09.2025 19.00 - 11.09.2025 20.00
Torsdag, 23.10.2025 19.00 - 23.10.2025 20.00
Torsdag, 27.11.2025 19.00 - 27.11.2025 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Hausten 2025 inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord til nye møte med musikken gjennom konsertserien «Lyarscena».
Serien har vorte eit kjært samlingspunkt i kulturlivet i Førde, der dei åtte distriktsmusikarane presenterer eigne prosjekt og samarbeider med gjestemusikarar. Denne hausten byr dei på tre ulike konsertar – alle med sitt særpreg og med noko å glede seg til for både store og små musikkelskarar.
___________________
11.09.2025
kl. 19
«Å DRENGEN SPRATT OPP»
På konserten får du høyre Britt Pernille Frøholm og Ole Nilssen spele eit utval kvalitetsslåttar frå indre Jølster og Gloppen. Det blir eit gjenhøyr med danseslåttar av m.a. Anders Viken, Adolf og Moses Paulen og Jeremias Henden, ispedd tradisjonelle slåttar frå same region.
Britt Pernille Frøholm – fele
Ole Nilssen - trekkspel
___________________
23.10.2025
kl. 19
NÅR STRENGAR MØTEST
Verda er i endring i hundreårsskifte, alt peikar mot urolege tider, kunsten utviklar seg mot modernisme medan musikken held oss igjen i ei romantisk boble, ei verd full av kjærleik og sterke kjensler.
Marin Stallemo Bakke og
Henri Eftevand - fiolin
Noemi Utasi – piano
____________________
27.11.2025
kl. 19
TONEDIKTAREN HAARKLOU
(1847-1925) Eit hundreårsminne
26. november i år er det 100 år sidan Johannes Haarklou frå Haukedalen i Sunnfjord gjekk bort. Han var heidra og høgt ansett i si samtid, og ein skribent med meiningars mot. -Ein komponist med internasjonale ambisjonar, men kjempa for det lokale musikklivet og norske utøvarar. Så han ville skape europeisk kunst med norsk vri.
Han etterlot seg ein svært allsidig produksjon. Frå denne har sopran Christine Marøy og pianist Rune Alver henta ein bukett av hans vakre romansar som blir presentert saman med livshistoria hans.
Christine Marøy - sang
Rune Alver - piano
_______________________
Billettpris:
Vaksne 200kr
Barn 75kr
Kulturskuleelevar 0kr
Billettsal: www.fordehuset.no
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)