Lyarscena: Clara, min kjære Clara...

Dato
Torsdag, 03.02.2022 19.00 - 03.02.2022 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Ein kveld med lidenskap, smerte og uforløst kjærleik. Musikk av Clara Schumann, Johannes Brahms og Robert Schumann. Tre komponistar som elsket gjennom musikken.
Sanja Dukanac (cello) og Noemi Utasi (piano)

Våren 2022 inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord til fire nye og spennande produksjonar i deira konsertserie «Lyarscena».
Lyarscena-konsertane har blitt fast inventar i kulturlivet i Førde og er nå i sin fjerde runde.


Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.
13.1.2022
20.1.2022
kl. 19
DRAUMKVEDET
Noreg sin mest kjende middelalderballade
Draumkvedet er forteljinga om Olav Åsteson. Han sovna julaftan og vakna ikkje før 13. dag jul, då han reiser til kyrkja for å fortelje om dei dramatiske draumane sine. Velkomen til ein stemningsfull tolkning av dette ikoniske verket.
Malin Alander (song) og Ole Nilssen (trekkspel)

3.2.2022
Kl. 19
CLARA, MIN KJÆRE CLARA…
«Evig eies kun det tapte»
Ein kveld med lidenskap, smerte og uforløst kjærleik. Musikk av Clara Schumann, Johannes Brahms og Robert Schumann. Tre komponistar som elsket gjennom musikken.
Sanja Dukanac (cello) og Noemi Utasi (piano)

10.3.2022
Kl. 19
RETUSJERT
Med eigne penselstrøk og fargar

Jacob og Julia skapar sitt eige univers med sjølvskreve materiale, folketonar og jazz arrangert for trompet og gitar. Dei får fram nye fargenyansar ved å eksperimentere med elektronikk og ulike effektar. Materialet får nye penselstrøk, vert retusjert og rørt ved på nytt.
Julia Gåsvær (trompet) og Jacob Wyrtz (gitar)

19.5.2022
MAZURKA!
Ei variert konsertoppleving med alle 8 distriktsmusikarane i Sunnfjord
Det blir nokre spenstige kombinasjonar når alle våre distriktsmusikarane samlar seg til ein konsert i ¾ takt. Både i vals, menuett og mazurka teller vi til tre. Velkomen til ein kveld med dansemusikk frå de siste 400 år.
Julia Gåsvær (trompet), Helga Lied Wyrtz (fløyte), Christine Marøy (song), Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele), Noemi Utasi (piano), Henri Eftevand (fiolin), Ole Nilssen (trekkspel) og Jacob Wyrtz (gitar)

Lenge har vi drøymt om ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Kulturskulen har flytta inn i nybygget ved Førdehuset hausten 2019. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.
Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris:
Vaksne 150kr
Born 50kr
Kulturskuleelevar 0kr

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)