Lyarscena - ein konsertserie: Gamal Jølstring

Dato
Torsdag, 02.12.2021 19.00 - 02.12.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

NY DATO!

GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet

Jølster er eit rikt spelemannsområde, og mange spelemenn har budd i grender ein kan sjå ifrå Astruptunet. Ingrid og Ole spelar og fortel om slåttar og spelemenn frå Astrup si heimbygd.

Ole Nilssen, trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele

Etter 8 vellukka Lyarscene-konsertar kan vi no trygt sei at dei har blitt fast inventar i kulturlivet i Førde. Hausten 2021 kan vi med glede invitere deg til nye og spennande framføringar.

Det blir 3 ulike konsertar fordelt utover hausten. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.
26.8.2021
kl. 19
ARTEMIS
Ein musikalsk hyllest til natur og jakt
Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano)

30.9.2021
Kl. 19
MYRTHEN
Songsyklus av Robert Schumann
Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano)

02.12.2021
Kl. 19
GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet
Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel)


Lenge har vi drøymt om ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Kulturskulen har flytta inn i nybygget ved Førdehuset hausten 2019. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.
Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris:
Vaksne 150kr
Born 50kr
Kulturskuleelevar 0kr

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)