Lyarscena - ein konsertserie: Artemis

Dato
Torsdag, 26.08.2021 19.00 - 26.08.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen


ARTEMIS 

Ein musikalsk hyllest til natur og jakt 

Artemis er gudinna for villmark og dyreriket i gresk mytologi. 

Vi tar deg med i myta om naturen sin herskar og spelar musikk inspirert av jakt, idyllisk landskap og magiske netter. 

Kven er denne jomfrukvinna som dansar med nymfer i fjell, skog og myr? 

Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano). 

Etter 8 vellukka Lyarscene-konsertar kan vi no trygt sei at dei har blitt fast inventar i kulturlivet i Førde. 

Hausten 2021 kan vi med glede invitere deg til nye og spennande framføringar. 

Det blir 3 ulike konsertar fordelt utover hausten. 

Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

26.8.2021 

kl. 19 

ARTEMIS 

Ein musikalsk hyllest til natur og jakt 

Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano) 

30.9.2021 

Kl. 19 

MYRTHEN 

Songsyklus av Robert Schumann 

Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano) 

18.11.2021 

Kl. 19 

GAMAL JØLSTRING 

Slåttar rundt Astruptunet 

Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel) 

Lenge har vi drøymt om ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. 

Kulturskulen har flytta inn i nybygget ved Førdehuset hausten 2019. 

Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk. 

Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte». 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem. 

www.fordehuset.no

Billettpris: 

Vaksne 150kr 

Born 50kr 

Kulturskuleelevar 0kr 

Konsertstad: 

Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5 

(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)