Kulturnatt i Førde

Dato
Fredag, 04.06.2021 17.00 - 04.06.2021 21.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 226 - Sørsalen

Fredag 4. juni vert det Kulturnatt i Førde sentrum kl 18 - 21.

Vi lovar god stemning og energi når korps, kor, spelemannslag, band, kulturskule, turlag, teater, bibliotek og mange fleire byr på seg sjølve.

- og det fine med det heile er at alt er gratis!

Innandørs- og utandørsarenaer:
Førde omsorgsenter, Førdehuset, Sunnfjord kulturskule, Rådhusplassen, Sogn og Fjordane kunstmuseum, meieriplassen, Langebrua og Nynorskens skog.

Fleire arrangement går på same tid, du må velje/prioritere sjølv kva du skal få med deg.

Ta med deg sykkel/sparkesykkel/segway/rullebrett eller bruk beina slik at du kjem deg raskt mellom dei ulike arrangementa.

Det vert også mykje godt å bite i frå ulike serveringsstader.

I år vert det påmelding til både inne- og utearrangementa digitalt slik at vi veit tal publikum og sikrar ev smitteporing.

Nøyaktig program og reservasjon av billettar kjem snart!

Hjarteleg velkommen!

Arrangert av ein komite som består av:
Trude Skarvatun
Johan Bengtsson
Gro Gunnarson