Lyarscena - ein konsertserie: I det grønaste graset

Dato
Fredag, 04.06.2021 19.00 - 04.06.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

4.6.2021
kl. 19.00

I det grønaste graset
Musikalsk blikk på dei sju dødssyndane

Kva tenkte Debussy om Ravel? Misunning, hovmod og fråtsing i flotte tonar! 

Mange av mennesket sine kjensler kan først oppstå ved sosialisering, som t.d. misunning, grådigheit, hovmod og begjær. Frå ein musikalsk synsvinkel vitjar duoen Thomas Aanonlie (slagverk) og Helga Lied Wyrtz (fløyter) dei sju “dødssyndene” frå det sjette århundret. Korleis ser dei ut i 2021? 

Thomas Aanonlie, slagverk og Helga Lied Wyrtz, fløyter 

 Konserten er ein del av kulturnatta og difor gratis!

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!
Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

Vi er svært nøgde med korleis vi klarte å glede publikummet vårt med eit variert og spanande musikkutval trass for strenge smittevernreglar.

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Konsertdagar:

4. mars:          Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 

18. mars:        Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano 

27. mai:          Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo

4. juni:            I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og  Thomas Aanonlie, slagverk 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris: 

Konserten er ein del av kulturnatta og difor gratis

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)