Lyarscena - ein konsertserie: Tonar frå Sunnfjord

Dato
Torsdag, 27.05.2021 19.00 - 27.05.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

27.5.2021
kl. 19.00

Tonar frå Sunnfjord
Ein konsert med lokalt opphav

Høgt oppi Haukedalen budde det ein gong ein gut med namnet Johannes. Kven hadde trudd at han skulle bli ein av Noreg sine fremste komponistar?

Henri Eftevand og Andreas Taklo framfører musikk som har opphav i vårt eige distrikt.
Johannes Haarklou er den mest kjente lokale komponisten vi har.  

Sunnfjord har ei grunnkraft som har inspirert mange kunstnarar opp igjennom tidane. Vi vil presentere noko av kva vår eigen lokale komponist har skapt.

Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo, piano

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!
Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

Vi er svært nøgde med korleis vi klarte å glede publikummet vårt med eit variert og spanande musikkutval trass for strenge smittevernreglar. 


Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Konsertdagar:

4. mars:          Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 

18. mars:        Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano 

27. mai:          Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo

3. juni:            I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og  Thomas Aanonlie, slagverk 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris: 

150 kr for vaksne
50 kr for born
0 kr for kulturskuleelevar

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)