Lyarscena - ein konsertserie: Operaperler

Dato
Torsdag, 18.03.2021 19.00 - 18.03.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

18.3.2021
kl. 19.00

Operaperler
Kjærleik, sjalusi og tragedie

Ariar og duettar frå operalitteraturen.

Kva har ein operasongar og ein trompetist til felles?
Begge lagar høgfrekvente lydar som når godt ut i store rom.
Begge skapar lyd gjennom vibrerande lepper.

I konserten går vi inn i sterke kjensler som kjærleik, sjalusi, mord og tragedie.
Velkommen til konsert med storslåtte duettar og ariar frå operalitteraturen.

Christine Marøy (mezzosopran)
Eivind Kandal (tenor)
Julia Gåsvær (trompet)
Noemi Utasi (piano)  

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!
Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak.

Vi er svært nøgde med korleis vi klarte å glede publikummet vårt med eit variert og spanande musikkutval trass for strenge smittevernreglar. 


Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Konsertdagar:

4. mars:          Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 

18. mars:        Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano 

27. mai:          Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo

3. juni:            I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og  Thomas Aanonlie, slagverk 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris: 

150 kr for vaksne
50 kr for born
0 kr for kulturskuleelevar

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)