Jul i Førdehuset: Konsert i Nordsalen kl. 14.00 fløyte

Dato
Laurdag, 19.12.2020 14.00 - 19.12.2020 14.45
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Jul i Førdehuset


Også i år skal vi ha vår tradisjonelle Jul i Førdehuset.
19. desember blir det trass alt julestemning på Førdehuset – denne gongen i ein koronatilpassa variant!

Laurdag den 19. fyller vi Førdehuset med julemusikk og julefilmar. Sunnfjord kulturskule skal ha fleire korte gratiskonsertar både i Festsalen og i kulturskulen sine eigne salar. Kulturskuleelevane skapar julestemning med vakker musikk. Kino Førde viser ulike julefilmar heile dagen og du kan kjøpe julegraut i kafeen.
Elles er biblioteket og svømmehallen open.

Det passar vel fint å kombinere julekonsert med bading, film, graut og/eller biblioteksbesøk?

Sjølvsagt passar vi på å halde avstand, både under konsertane, filmane og i foajeen.


Velkommen til eit julepynta Førdehus frå kl. 11.00 – 17.00

Konsertar:

11.00 Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule
12.00 Konsert i Sørsalen 1 (kulturskulebygget) v/ Sunnfjord kulturskule
12.30 Konsert i Sørsalen 2 (kulturskulebygget) v/ Sunnfjord kulturskule
13.00 Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule
14.00 Konsert i Nordsalen (kulturskulebygget) v/ Sunnfjord kulturskule
15.00 Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule

Vi ber alle som har moglegheit, å melde seg på digitalt til kulturskulen sine konsertar. Dette for å gjere smittesporing enklare og køane ved inngongen kortare.
Reserver plass til julekonsert her

10.00 – 15.00 Biblioteket er ope

10.00 – 11.15 Svømmehall bolk 1
11.20 – 12.45 Svømmehall bolk 2
13.00 – 14.15 Svømmehall bolk 3
14.30 – 15.45 Svømmehall bolk 4

(hugs å kjøpe billett til svømming: www.fordehuset.no)


11.00 – 16.00 Sunnfjord Cafè & Catering sel julegraut

Lærarar