Lyarscena - ein konsertserie: Stillelåt

Dato
Torsdag, 05.11.2020 19.00 - 05.11.2020 19.45
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen


Stillelåten var tradisjonelt knytt til det som må ha vore ei høgtidsstund prega av ettertanke, alvor, vemod, spenning, framtidsvon og eksistensielle tankar om livet og kjærleiken: Musikk framført medan brura vart pynta – då skulle alle som såg på vere heilt stille.
I denne konserten er det inga brur som skal pyntast, men Alander, Stuhaug og Nilssen vil med instrumenta og musikken sin skape stemningar som kan kalle fram noko av det same kjenslespekteret.

Malin Alander (song), Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel)
Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.

24. september: «Svart-kvitt» Innviing av det nye flygelet
22. oktober: «Beside the Stream», Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi
05. november: «Stillelåt» Folkemusikkonsert
26. november: Kammermusikk «Schubert med krydder»

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
150kr for vaksne
50kr for born
0 kr for kulturskuleelevar
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)