Kling - lunsjmusikk: "Beside the Stream"

Dato
Fredag, 23.10.2020 12.00 - 23.10.2020 12.30
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Kling - lunsjmusikk. Ein musikalsk lunsjpause med lefse og kaffi!

23. oktober kl. 12

«Beside the Stream»

Det finst alltid ein hovudstraum, og det finst dei tinga som er utanfor den, også i musikken.
Helga Lied Wyrtz, tverrfløyte og Noemi Utasi, piano

Distriktsmusikarane byr på eit unikt pusterom i travle haustkvardagar!

Fire fredagar kl. 12—12.30 inviterer dei til lunsjkonsertar av ypparste kvalitet i Nordsalen i nye Sunnfjord kulturskule.

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med våre dyktige distriktsmusikarar, og her får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk bygg i tillegg, med akustikk laga nettopp for formidling og deling av musikkopplevingar.

Du får musikk, du får lefse og du får kaffi i ein og samme billett.
Ta med eigen kopp og nyt lunsjpausen din hjå oss!

25. september kl. 12
Svart-kvitt
Sprudlande feiring med klavermusikk på vårt flunkande nye Yamaha-flygel!
Noemi Utasi, piano

23. oktober kl. 12
«Beside the Stream»
Det finst alltid ein hovudstraum, og det finst dei tinga som er utanfor den, også i musikken.
Helga Lied Wyrtz, tverrfløyte og Noemi Utasi, piano

6. november kl. 12
Nonspel på fele og trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug og Ole Nilssen dreg fram dei ypparste slåttane - skreddarsydde for å setje helgestemninga!
Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele og Ole Nilssen, trekkspel

27. november kl. 12
Schubert med krydder
Inderleg og varmande kammermusikk; Frå Trio op. 100 av Franz Schubert.
Krydderet i konserten er vår nye trompetist, som hentar opp eigne musikkskattar.
Henri Eftevand, fiolin, Hans Holgersson, cello, Noemi Utasi, piano og Julia Gåsvær, trompet

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
100kr for vaksne
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)