
Har du ein draum – og jobbar du målretta for å nå han?
No kan du søkje Drømmestipendet 2026!
Drømmestipendet er ei unik moglegheit for unge talent mellom 18 og 25 år innan kunst og kultur til å få støtte og anerkjenning for det dei brenn for. 50 unge får kvart år eit stipend på 30 000 kroner og blir løfta fram som inspirasjon for andre.
Sunnfjord kulturskule ønskjer å oppmode deg som:
🎭 driv med musikk, dans, teater, visuell kunst, film, litteratur, skapande skriving eller andre uttrykk
🎨 har eit sterkt engasjement og ein klar draum om vidare utvikling
💭 vil dele kva som driv deg – og korleis Drømmestipendet kan hjelpe deg vidare
🗓 Frist for å søkje: 18. november 2025 kl. 12:00
👉 Søk direkte her:www.drommestipendet.no/for-sokere
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Sunnfjord kulturskule
📧 kulturskulen@sunnfjord.kommune.no
📞 57 61 28 10