Viktig informasjon under VM i vektløfting

I samband med at VM i vektløfting går av stabelen i Førde, blir delar av kulturskulebygget brukt som dopingkontroll. Dette gjer at vi må gjere nokre midlertidige endringar for elevar og foreldre som skal inn i bygget.

Frå og med onsdag 1. oktober gjeld følgande:

  • Inngang via Førdehuset og 1. etasje er stengd.

  • Alle elevar skal bruke hovudinngang i 2. etasje, via gangstien frå FUSK-parkeringa.

  • Dette gjeld alle fag, også kunstelevar.

  • Teaterelevane har undervisning i Nordsalen denne veka og skal òg bruke hovudinngangen i 2. etasje.

I tillegg vil parkering ved Førdehuset vere stengd frå torsdag 2. oktober.

Vi ber alle elevar og føresette respektere desse endringane og takkar for godt samarbeid – slik får vi både undervisninga og det store idrettsarrangementet til å gå knirkefritt.