"Å drengen spratt opp"

Hausten 2025 inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord til nye møte med musikken gjennom konsertserien Lyarscena. Serien har vorte eit kjært samlingspunkt i kulturlivet i Førde, der dei åtte distriktsmusikarane presenterer eigne prosjekt og samarbeider med gjestemusikarar.

Første program ut er «Å drengen spratt opp» – der fele og trekkspel møtest i kvalitetsslåttar frå indre Jølster og Gloppen. På repertoaret står danseslåttar av mellom andre Anders Viken, Adolf og Moses Paulen og Jeremias Henden, ispedd tradisjonelle slåttar frå same region.

Britt Pernille Frøholm – fele
Ole Nilssen – trekkspel

Denne veka kan du oppleve programmet i tre ulike format:

Torsdag 11. september kl. 12 – Røyst, Førde
Lunsjkonsert (utdrag, ca. 30 min). Gratis inngang.
Røyst serverer fristande lunsj og drikke som kan nytast før, under eller etter konserten.
Link til arrangementet

Torsdag 11. september kl. 19 – Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Lyarscena: Å drengen spratt opp
Hovudkonserten med heile programmet (ca. 60 min).
Billettar: Vaksne 200 kr / Barn 75 kr / Kulturskuleelevar gratis
Billettsal: www.fordehuset.no
Link til arrangementet

Fredag 12. september kl. 12 – Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Kling lunsjmusikk (utdrag, ca. 30 min). Gratis inngang. Kaffi og lefse blir servert.
Link til arrangementet

Her er det berre å finne tidspunktet som passar best – musikken ventar på deg.

Foto: Gloppen Musikkfest