Lunsjkonsertar med distriktsmusikarane
Ta ein musikalsk pustepause midt i kvardagen!
Hausten 2025 inviterer distriktsmusikarane i Sunnfjord til tre gratis lunsjkonsertar i Nordsalen på Sunnfjord kulturskule. Her får du høyre høgkvalitets musikk i lunsjtida – servert på ein halvtime, med kaffi og lefse attåt. Ein liten, men rik oppleving som gjer fredagen ekstra god.
12.09.2025 kl. 12
«Å DRENGEN SPRATT OPP»
Kvalitetsslåttar frå indre Jølster og Gloppen
Britt Pernille Frøholm – fele
Ole Nilssen – trekkspel
24.10.2025 kl. 12
NÅR STRENGAR MØTEST
Ei romantisk boble i ein kunstnarisk progresjon
Marin Stallemo Bakke og Henri Eftevand – fiolin
Noemi Utasi – piano
28.11.2025 kl. 12
TONEDIKTAREN HAARKLOU
Eit hundreårsminne
Christine Marøy – song
Rune Alver – piano
Billettpris: gratis
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)
