Velkomen til nytt kulturskuleår!

Fyrste undervisningsdag er måndag 18. august, og vi gler oss til å ta fatt på eit nytt år fullt av musikk, teater, kunst og skaparglede.

I morgon, onsdag 13. august, kjem opptaksbrevet til alle elevar – både dei som er heilt nye og dei som held fram. 📬

I år er vi 531 elevar – frå 2 til 92 år!
Vi har 87 heilt nye elevar og 444 som held fram, og den største aldersgruppa er dei spreke 9-åringane, med heile 60 elevar.

Her ser du det flotte kollegiet vårt, klare til å møte både nye og kjende elevar.
No køyrer vi i gong – dette blir eit fantastisk år! 💛