Vi gler oss til nytt kulturskuleår!

På måndag startar vi opp igjen, og vi ser fram til å ta imot heile 550 elevar – frå 2 til 91 år! 🎶🎨🎭 Det blir eit år fylt med musikk, kunst, teater og mykje meir. Meir enn nokon gong ser vi kor viktig det er å ha eit trygt og kreativt rom der alle kan uttrykke seg og utvikle seg. Vi ynskjer alle nye og gamle elevar hjarteleg velkomne, og ser fram til å dele nye opplevingar saman!