Overgang til 2 fakturaer i året - gjeld frå 1.1.2024

Kulturskulen sender frå 1.1.2024 faktura to gonger i året.
For vårsemesteret kjem fakturaen i mars/april og for haustsemesteret sender vi den i oktober.

I november 2023 sendte vi ei spørjeundersøking til alle føresette i kulturskulen med spørsmål om kor ofte de ynskjer å få faktura frå kulturskulen.
Dei fleste av dykk svarte at de ynskjer faktura ein gong i halvåret, og difor går vi no over til dette frå 1.1.2024.
(Fram til 31.12.2023 sende vi faktura 4 gonger i året. Det sluttar vi med no)

Det betyr at neste kulturskulefaktura kjem i mars/april 2024.