UKM - påmeldinga er open!

Fredag 08. mars er det UKM lokalmønstring for Sunnfjord kommune, i Førdehuset kl. 18.00. UKM står for Ung Kultur Møtast, og vi ynskje oss ungdomar med ulike kulturelle uttrykk i Førdehuset denne kvelden, frå heile Sunnfjord kommune.

Ungdomane kan melde seg på: 

Sceneinnslag: musikk, song, dans, turn, sjonglering, triksing, akrobatikk, trylling, teater, opplesing av litterær tekst, film eller med eit miks innslag av fleire sjangrar. Her er det berre å vere kreative. 

Utstilling: foto, teikne, male, tresløyd, strikke, tove, sy, collage, smykke osv

Ung arrangør: på lyd og lys, eller som konferansier

UKM dataspel: er eit lokalt LAN for ungdommen. LAN’et varar frå fredag etter skulen til laurdag morgon, og det vil vere konkurransar, events og turneringar i regi av e-sport linja på Sunnfjord folkehøgskule. Meir info om spel og konkurransar kjem seinare.  For å melde deg på LAN i Førdehuset, melder du deg på UKM under kategorien dataspel.

Du kan følge UKM Sunnfjord også på snapchat: UKMSunnfjord eller   Instagram : UKM_Sunnfjord

Påmelding: https://ukm.no/sunnfjord/

Påmeldingsfrist:  1.3.24, for Ung arrangør 27.2.24